Høgsterett har gitt Stig Remøy sitt kril-selskap Rimfrost medhald i at eit patentsøksmål mot Aker BioMarine skal behandlast i Volda, ikkje i Oslo. Det er endeleg fastslått at saka kjem opp for Søre Sunnmøre tingrett 10. – 14. desember i år.

Det var Aker-selskapet som fyrst anka spørsmålet inn for Høgsterett, og har i tre rettsinstansar prøvt å få føre rettsstriden i Oslo. Dette har dei altså ikkje lukkast med. Røkke-selskapet må i tillegg også betale 352.000 kroner i sakskostnader til Rimfrost.

– Aker BioMarine har forseinka behandlinga av rettssaka i snart eitt år med sitt krav om at ho skal handsamast i Oslo og ikkje på Sunnmøre. Høgsterett er den tredje rettsinstansen som har sagt at saka høyrer heime hos tingretten i Volda, og vi ser fram til at saka no endeleg kjem opp, seier Rimfrost sin prosessfullmektig, advokat Ronny Lund i advokatfirmaet Wiersholm i ei pressemelding.

Dette er saka:

Stig Remøy og Kjell Inge Røkke har i lengre tid konkurrert om dei enorme kril-mengdene i Sørishavet, som elles er verd milliardar av kroner. Aker BioMarine gjekk etter kvart til søksmål mot kril-selskapet til Remøy, Emerald Fisheries, med påstand om at selskapet hadde tatt i bruk Aker sin patenterte teknologi. Det førte til at kril-reiarlaget sin fiskebåt «Juvel» blei liggande uverksam. Selskapet gjekk konkurs i 2017. «Juvel» vart då kjøpt av Aker BioMarine på konkurssal. Det er her rettsspørsmålet som no skal behandlast startar. Aker-selskapet meiner at dei gjennom kjøp av «Juvel» også kjøpte kril-patenta om bord. Stig Remøy har på si side påpeika at desse patenta ikkje er eigd av det konkursramma selskapet Emerald Fishing, men av selskapet Rimfrost som han er hovudeigar i.

Tidlegare i år slo amerikanske Patent Trial and Appeal Board (PTAB) fast i ei anna sak at kril-patenta tilhøyrande Aker BioMarine er ugyldige. Desse patenta var også ein del av grunnlaget for Aker-søksmål mot Rimfrost i Delaware i USA og i US International Trade Commission (ITC), der Aker seinare har trekt ITC-saka.

– Nok ein siger

Stig Remøy ser positivt avgjersla til høgsterett om å føre rettssaka på Søre.

– Avgjersla i Høgsterett er nok ein siger for Rimfrost. Vi opplever at Aker BioMarine har gjort sitt ytste for å trenere behandlinga av patentsaka i det norske rettsapparatet. Vi er glade for at Høgsterett er einig med oss om kvar saka skal avviklast, og for at saka no endeleg kan kome til behandling, seier Stig Remøy i ein uttale.

– Endrar ingenting

Vestlandsnytt har vore i kontakt med kommunikasjonsdirektør i Aker BioMarine, Katrin Berntsen. Ho har følgjande kommentar til saka og Remøy sitt utspel:

– Patentloven sine vernetingsreglar var ikkje klare i vår sak, og vi ønska ei rettsleg avklaring for å sikre at saka vart innleia på korrekt måte. Vi har no fått denne avklaringa og ser fram til behandling i Søre Sunnmøre tingrett. For oss er dette udramatisk og endrar ingenting i forhold til saka som kjem opp, seier ho.