– Det har heilt klart blitt eit samtaleemne på butikken. Vi merkar også auka etterspurnad etter rottefeller. Mange, inkludert meg sjølv, har sett rotter langs vegane, seier styrar Anna Kirsti Skare ved Coop-butikken på Sandsøya.

Rotter inne og ute

Dei siste vekene har det blitt ei aukande bekymring på Sandsøya over den tydelege auken i rottebestanden. Etter det Vestlandsnytt kjenner til, skal det ha blitt oppdaga rotter i minst tre hus siste året.

Anne Lise Våge er ein av dei som engasjerer seg i saka.

– Dette er ikkje bra. Eg kjenner til at det er sett rotter fleire stadar på øya. Nokre har teke rotter i feller, og nokre stadar er det meldt om kattar som har fanga rotter.

Våge meiner det er grunn til å handle, og trur folk og bygd treng hjelp:

– Det ein kan frykte, er at rottene vil trekkje inn i mange hus no når vinter og kaldare vêr står for døra. Eg meiner kommunen har eit ansvar i denne situasjonen, både med informasjon og tiltak, seier Våge til Vestlandsnytt.

Ho legg til at det bur mange eldre, einslege folk på øya som ikkje har nødvendig kompetanse eller ressursar til å setje i verk tiltak. Våge har vore i kontakt med teknisk eining og helseetaten i kommunen om saka.

Kan kome tiltak

Helse- og omsorgssjef Bård Dalen i Sande kommune stadfestar at det har kome bekymringsmeldingar frå Sandsøya om rotter.

– I utgangspunktet er kvar huseigar ansvarleg for eigen eigedom. Men når det er sagt, er det ei kjensgjerning at rotter og kloakk går godt saman. Difor vurderer vi no om det skal setjast i verk eventuelle tiltak på Sandsøya. Eg ser føre meg at dette må skje i samråd og samarbeid med folk og bedrifter, seier Dalen.

Han er i dialog med teknisk eining om korleis ein kan angripe situasjonen. Dalen ser heller ikkje vekk ifrå at det kan bli aktuelt å kople inn kommunen sitt miljøretta helsevern.

– Litt av utfordringa er det kan vere vanskeleg å kartleggje kor omfattande problemet er, seier Dalen.

– Uansett er det ekstra viktig at alle som handterer mat og næringsmiddel er spesielt merksame på situasjonen, seier helse- og omsorgssjefen.

Vestlandsnytt kjenner til at det også er gjort aukande tal observasjonar av rotter i fleire andre bygder i haust.