– Ja, eg ser no då, om eg finn noko eg likar ... Åh, denne var fin!

Richeleen Kimberly Camillo (14) avbryt seg sjølv midt i kommentaren til Vestlandsnytt. For der – på den improvisatoriske kosteskaft-hengaren framfor vindauget i frikyrkje-kjellaren – får ho auge på noko fantastisk. Iallfall utifrå ansiktsuttrykket å døme ... Kjolen får bli med ein tur ut på «prøve-toalettet».

God butikk

Klonk. Den kvite kula treff ein av fargeklattane på den grøne nylon-overflata, og Una Myren (14) rettar seg opp bakom biljardbordet. Rundt det står også venninnene, Lydia Åsberg (14) og Emma Moltu Sundgot (14). Det er ikkje ille å «drive butikk» når ein har slik underhaldning i arbeidslokalet! Men så snart nokon har funne seg ein kjole dei vil ha, let jentene hobbyaktivitetar vere hobbyaktivitetar, og kjem til for å hjelpe.

Underteikna landar på ein halvlang, svart kjole med fald i skjørtet. Kjole nummer 82. 100 kroner.

Lydia finn det rette «avtalepapiret». Det viser seg at ho som eigde denne kjolen før, har levert fleire. Ho vil ikkje ha noko for dei sjølv, men har valt å donere heile beløpet til organisasjonen «Star of Hope», som jobbar for å utdanne fattige barn over heile verda. Dei som har levert kjolar vel nemleg om dei vil donere 20 % av inntekta og ta resten sjølv, eller om dei vil donere heile beløpet.

Lydia legg kjolen i ein pose.

– Då kan du berre vippse 100 kroner til det nummeret der, seier Lydia og peikar på ein plakat på veggen.

Alle aldrar

Una si mor, Torill Myren, har minst like mykje med ballkjoletorget å gjere som dottera. Det var nemleg hennar idé, og ho har hjelpt til med alt frå å ta imot kjolar fredag kveld og henge dei opp på rekkje og rad, til å yte service og selje dei igjen laurdag ettermiddag.

– Vi har fått inn over hundre kjolar. Eg veit ikkje kor mange som er blitt selde, men det har gått litt. Kundane er i alle aldrar, seier Torill.

Det vert spennande å sjå kor mykje som er igjen når det heile er over klokka 15.

– Det som ikkje vert henta vert levert til Klede til Glede. Men vi lurer litt på å opne her under kyrkjekaffien i morgon.

Fornøgd

Richeleen og venninna, Henriette Halle Støylen (14), kjem ut av «prøverommet» iført kvar sin kjole.

– Blir det kjøp?

– Eg veit ikkje heilt, nølar Henriette.

Richeleen verkar meir sikker.

– Den var ganske fin. Men her er masse andre fine kjolar som eg også skal sjå på.