Det er lenge sidan eg sist var i dette landet. Eg må heilt attende til 1949, då eg mønstra som radiotelegrafist på eit skip i Oslo som gjekk i Wilh. Wilhelmsens linjefart på Fjerna Austen. Då var vi ein tur innom Barcelona. Altså heile 70 år sidan.

Denne Spania-turen var arrangert av eit privat omsorgsfirma i Fosnavåg, Moe Helse AS, spesielt retta mot slike som har ulike helseplager, og treng hjelp på mange måtar. Mellom anna var det mange som måtte bruke rullestol. Andre trong hjelp med medisinar og andre ting. Av den grunn hadde vi med to røynde sjukepleiarar, Åse-Jill Moe og Mona Zahl, som kunne hjelpe med mangt sjølv, og som visste å skaffe hjelp når det var nødvendig. Slik følte deltakarane at det var trygt å reise.

Vi kom oss vel av garde med buss til Vigra og Norwegianfly til Alicante. Vidare med buss til hotellet La Colina i ein liten by med namnet Albir. God innkvartering i eit triveleg hotell.

Det var lagt opp til eit omfattande program for dei to vekene. Vi vitja fleire småbyar i området som kystbyane Denia og Altea, litt større byar som Alicante og Benidorm. På turane fekk vi sjå ulike historiske «minnesmerke». Dei har teke vel vare på minnesmerke sine. Spania er eit land med ei lang kutursoge.

Eg har til no trudd at Spania var eit langt på veg flatt land, berre med nokre litt høgare åsar. Men der tok eg mykje feil. Frå hotellet såg vi ei heil fjellrekkje i nord, med toppar over tusen meter. Og eine dagen køyrde vi mot desse fjella, opp ein dal til fjellandsbyen Guadalest.

Eg må ha tolka avisene her til lands feil. Eg synest landet vert framstilt som eit nokså fattig land. Eg opplevde det motsette. Minst like tett med bilar som her, og det var stort sett nye, dyre og fine bilar. Vegane var reine drømmen for ein nordbuar. Sjølv oppe i fjella var det to gode køyrebanar, og vi passerte mange rundkøyringar sjølv der oppe. Og rundkøyringar hadde dei fått til ei mengd av også inne i byane. Trafikken gjekk lett og greitt. Lange og høge steinsettingar langs alle vegar, murt opp utruleg dekorativt og fint. Skarabakken vil ikkje på nokon måte måle seg, heller ikkje etter den nye utbetringa.

Sjølv om eg knapt nok kan eit spansk ord, var det lett å verte forstått. Leita ein etter ein butikk eller anna, og praia ein person på gata, kunne ein vere nokså trygg på at vedkomande snakka norsk. Det bur ei mengd norske i dette området av Spania. Godt klima, gode butilhøve og god infrastruktur.

Alt dette fekk vi sjå og oppleve, dei mange deltakarane som utan eit slikt tiltak som Moe Helse har etablert, ville ha sete heime og berre sett ut av glaset. Eit godt tilbod til svært mange menneske, både unge og gamle.

Denne gongen var desse med: Liv Skarbakk, Annfrid Aurvåg, Gisela Teige, Jostein Remøy, Iren Remøy , Alf Nerland, Herdis Nerland, Mona Zahl Longva, Tor Nerland, Bjarne Myking, Målfrid Solbakk, Bergljot Myrseth, Johanne Nerland, Kåre Nerland, Bård Eiksund, Ragnhild Hjelmeseth, Åse-Jill Moe Myklebust, Arne Olsen, Lilly Espeseth, Sveinung Kvalsvik, Alf Kvalsvik, Elsa Kvalsvik, Norleif Huldal, Sigrid Solstad, Gudmund Solstad, Liv Løfoll, Ingunn Ellefsen.

Gudmund Solstad