– Dette er kraftige saker, men det trengst også. Mykje av grunnen består av harde aurmassar. Då kjem gravemaskinen på mudringsaparatet «Berghavn» til sin rett.

Det seier prosjektleiar i Secora, Ivar Haug, til Vestlandsnytt.

På mudringsapparatet «Berghavn» finn vi ein gravemaskin på meir enn 200 tonn som har ei skuffe som rømmer åtte tonn. I tillegg har selskapet sprengingsrigg, lekterar og anna tung utstyr som må til for å flytte nytt land frå sjøbotnen til land.

– Arbeidet går etter planen. Mykje av det vi tek opp, er sand. Under denne er det harde aurmassar, men også ein del fjell. Vi reknar med at rundt 15.000 kubikkmeter fjell skal sprengast opp, seier Haug.

Han fortel at Secora sine folk held hus om bord i «Berghavn». I tillegg har dei leigd eit hus i nærleiken av hamna. I dei tidlegare kontorlokala til Sanco Shipping er det anleggskontor for utbygginga.

Godt samarbeid

– Vi har eit godt samarbeid med kommunen og underentreprenør Aurvoll og Furesund. I tillegg må eg seie vi opplever stor velvilje og god hjelp frå næringslivet i bygda og folket elles, seier Haug.

– Kva med vindforholda?

– Det er heilt avgjort noko vi er merksame på. Til no har det gått greitt, men her er lumske fallvindar. Det opplevde vi spesielt ei natt. Vi er klar over at det kan kome til å vere tøffe forhold utover vinteren, seier prosjektleiaren.

Opparbeidinga av rammene rundt nordre deponi, som er ein del mindre enn vi finn på sørsida av vika, vil i fylgje Haug bli starta opp før jul.

Meir om prosjektet

Det er Kystverket som står bak prosjektet, som er kostnadsrekna til rundt 90 millionar kroner. Prosjektet dreier seg om nokre nøkkelfaktorar; mudring, opparbeiding av nytt land (to deponi) og tilhøyrande kaier.

Mudringa føregår både inne i hamnebassenget og utanfor moloane, i sjølve innseglinga til hamna.

Svolvær-baserte Sacora, som dei siste åra har sikra seg fleire større nasjonale utbyggingar, er hovudentreprenør. Dei står for sprenging og mudring, samt transport frå sjø til land.

Aurvoll og Furesund AS er den lokale underentreprenøren som gjer jobben på land. Dette oppdraget er rekna til om lag 20 mill. kr ekskl. moms.

Rundt 200.000 kubikkmeter av sjøbotnen skal flyttast til dei to deponia.

– Vi opplever at det er mykje reine massar. Det er svært lite avfall og skrot på sjøbotnen, som vi kan finne andre stadar, seier prosjektleiar Haug.

I samband med oppstarten tidlegare i år sa leiar Webjørn Hageselle i Gjerdsvika Næringsutvikling mellom anna:

– Eg kan melde om stor glede og begeistring i næringslivet i Gjerdsvika over oppstarten. Utbygginga har ei enorm betydning for næringslivet og kommunen. Her vert det store moglegheiter for etablering av nye arbeidsplassar, med rundt 60.000 kvadratmeter nytt næringsareal.