Om ein ser vekk frå reint kommersielle tiltak (fine dei også, for all del), har herverande lokalavis bogna av artiklar der folk stiller opp berre for fellesskapen. Dei gjer det for at vi – og andre – skal ha det kjekt og greitt.

Dei som soknar til Gursken kyrkje har gjort ein kjempeinnsats, langt utover det ein kan forvente eller krevje frå bygda. Nærast alt det innvendige når det gjeld renoveringa av Gursken kyrkje er gjort av «sokneborna». Dei har organisert seg sjølve, sett Per til det han er god på, Pål til det han er ekspert på, og Kari til det ho kan best. Imponerande!

Vi har også fortalt om Una Myren (14), som saman med nokre veninner skipa til ballkjole-torg. Overskotet frå salet går til organisasjonen Star of Hope, som jobbar for fattige born over heile verda. Prisverdig.

I førre avis skreiv vi om organisasjonen «Gi jernet», med Bjørn Ødegaard i spissen, som i skrivande stund var på Herøy-tokt, støtta av butikkar i Fosnavåg. Ødegaard & co. hjelper jordskjelvråka i Nepal, og har utdanna 513 murarar. Slå den!

På Larsnes er det full fres med Feel It for tida, eit makelaust dugnadstiltak til glede for bygd, lag og folk. Dette er i tillegg eit prosjekt som verkeleg set landsby og region på kartet.

I år valde Vestlandsnytt også å vitje julemessa i Vike-Petterløda, som kan skilte med mange kortreiste varer, fin stemning og masse kjekke folk. Overskotet frå messa gjekk til Gursken kyrkje og kostnaden med å byte ut alle lyspærene.

Vi kunne halde fram og nemne massevis av andre døme på gode dugnads- og innsamlingsprosjekt. Dette var siste veka. Det er mange, også utanom desse, som spreier lys og glede.