– Vi er på jakt etter kulturaktivitetar og fag som kan gjere at vi kan tilby eit endå breiare tilbod i kulturskulen. Derfor er det naturleg å sjå på det som er «i vinden» for tida, seier rektor Rune Paulsen.

Og nett det har dei tilsette på kulturskulen allereie nokre konkrete tankar rundt. Ein av dei som har idear for nye tilbod i kulturskulen er lærar Knut Vegar Prytz.

– Må følgje med i tida

– Enkelt musikklinjer rundt om har no byrja å tilby laptop/PC som hovudinstrument. Det reflekterer tida vi er i når det kjem til musikkproduksjon. Fleire store artistar har akkurat dette som instrument, forklarar Prytz.

Derfor skulle det berre mangle at kulturskulane ikkje hiv seg på musikkproduksjon og distribusjon gjennom ny teknologi, meiner han.

– Vi må følgje med i tida. Det er veldig få kulturskular som faktisk tilbyr fag med musikkproduksjon med ny teknologi. Derfor er dette ei fin moglegheit for oss til å gå fram som eit godt eksempel, seier Prytz.

Heilt konkret ser kulturskulen føre seg eit fag der elvar lærer å bruke til dømes PC og nettbrett til å lage musikk og dele den.

Ressursar?

Som med alle tilbod, blir det naturlegvis også eit spørsmål om ressursar i samband med ei ny satsing som dette. I første omgang er det naturleg å sjå på kompetansen på huset.

– Vi har allereie basiskunnskap for å kunne tilby slike kurs, men det vil blir naturleg for oss å kunne sette av nokre lærartimar til kompetanseheving for dei lærarane som eventuelt vil få ansvaret for eit slikt tilbod, seier Paulsen.

Prytz seier han gjerne vil ta ansvar for eit fag som dette. Han har over 20 års erfaring frå musikkproduksjon i studio og føler han er klar for å lære kunnskapen vidare til interesserte elevar.

Eit anna spørsmål gjel utstyr.

– Ein vil kanskje bli nøydd til å investere i noko utstyr som folk kan låne og bruke i undervisning, men her er også utstyr som vi har, som til dømes miksarar, mikrofonar og diverse, forklarar rektoren.

Han ser uansett på dette som ei viktig investering.

Fleire gutar

Sett i forhold til fotballen, der ein gjerne skulle sett fleire jenter på bana, er fordelinga i kulturskulen heller det motsette.

– Vi har om lag 75 prosent jenter i kulturskulen. Det er sjølvsagt veldig fint at so mange jenter vil delta, men vi vil gjerne at fordelinga skal vere endå meir jamn mellom kjønna, seier Paulsen.

Han rosar spesielt dansetilbodet i kulturskulen for deira omfattande rekruttering.

Ved å kunne tilby musikkproduksjon og litt meir tekniske kulturfag, håpar Paulsen at kjønnsbalansen kan bli endå jamnare. Men …

– Fyrst og fremst handlar dette om å skape eit breiare tilbod, slik at vi kan nå ut til endå fleire barn og unge, konstaterer han.

Jobbar med læreplan

Herøy kulturskule synest satsinga har so stort potensial at dei allereie er i gang med å emne på ein læreplan for eit fag som vil handle om musikkproduksjon gjennom enkle musikkprogram på iPad og PC.

– Vår tanke er at vi skal ha på plass eit tilbod allereie til neste år, avsluttar ein optimistisk rektor.