Formannskapet hadde tysdag 2019-budsjettet og økonomiplanen for 2019–2022 oppe til handsaming for andre gong, og framleis er det vanskeleg å slå fast kvar dei store kutta vil kome. No skal partia ha gruppemøte, før den tredje og siste handsaminga i formannskapet står for tur komande tysdag. Deretter blir saka sendt til kommunestyret for vedtak.

I formannskapet uttalte rådmann Olaus-Jon Kopperstad at målet må vere å få ned drifta med 17 millionar kroner.

– Vi driv 17, 4 millionar dyrare enn gjennomsnittet i kommunegruppa vår. Samtidig har vi dei lågaste inntektene. Slik eg ser det, må vi ned på drifta med minimum 17 millionar kroner, sa Kopperstad.

Foreslår nye driftstiltak

Sjølv om rådmannen vil gjere store kutt på drifta, er det eit nytt driftstiltak han gjerne ser at dei folkevalde går inn for.

– Eg vil fremje dette med psykolog og kvardagsrehabilitering. Her har vi fått eit tilskot, og vi kan også samarbeide med andre kommunar om denne tenesta. Vanylven har uttalt at dei gjerne er med å spleise. Når det gjeld kvardagsrehabilitering har det vorte snakka mykje om i helse og omsorg, og poenget med å hente inn dei ressursar ein kan. På sikt kan det også vere pengar å spare inn på eit slikt tiltak, sa Kopperstad.

Solveig Båtsvik (Frp) uttrykte støtte for forslaget til Kopperstad. Ho hadde også ein klar merknad til driftsbudsjettet.

– På diverse tenester ligg vi 13 millionar over samanliknbare kommunar. Kva ligg bak dette? Sjølvsagt kan det ha geografiske årsaker, men vi må få vite meir når undersøkingar viser at vi er dyrare enn andre, sa Båtsvik.

Stilte spørsmål ved KOSTRA-tala

Svein Gjelseth (Ap) var usikker på realiteten til KOSTRA-tala (tala politikarane brukar når dei samanliknar kommunar, journ.anm).

– Når vi ser forskjellen, kor reelle er desse tala? Kva er det som gjer at Ulstein driv 15,4 millionar billegare enn det vi gjer, spurde Gjelseth.

– Det vi veit er vel at Ulstein har yngre befolkning enn Herøy, men eg er usikker på om det slår inn. Ulstein har også satsa meir på heimebasert omsorg, samtidig som dei har satsa sterkt på at omsorgsbustadane skal ligge i sentrum. Det er klart at om heimepleia reiser mellom Runde og Fosnavåg, går det mykje tid i reising, svara rådmann Kopperstad.

I førre formannskapsmøte opplyste dessutan kommunalsjef helse og omsorg, Renathe Rossi-Kaldhol, at omsorgsbustadar i sentrum er noko ho ynskjer å satse på i Herøy også.

Økonomileiar, Geir Egil Olsen, uttalte at det kan ha skjedd ulik rapportering.

– Det er ei kjensgjerning at det blir rapportert ulikt. Folk bruker ulikt skjønn når dei rapporterer, sa Olsen.

Dyr kulturavdeling?

Kjell Runde (Folkelista/Sp) meinte det kanskje var andre ting ein burde sjå på.

– Eg meiner at kulturavdelinga vår er for dyr. Med det eg veit har vi fleire tilsette på konserthuset, enn Ulstein har på heile kulturavdelinga, sa han.

Per Kristian Furø (Ap) fann også fleire tiltak.

– Vi må sjå på potensialet for å auke inntektene. Industriareal, husvære som står tomme. Her er plassar å auke inntektene. Men vi blir også nøydde til å sjå på sparetiltak på kultur og idrett, meinte Furø.

Høgare skatteanslag

Ordførar Arnulf Goksøyr (Høgre) meinte at ein også kan auke skatteanslaget med tre millionar kroner, og Svein Gjelseth uttalte like etter at Ap planlegg å støtte det forslaget.

Økonomileiar Olsen kunne opplyse at det forventast ein vekst i skatteinntektene.