I Førde Cup byrja laget bra, og slo Lindås J19 3–1 etter scoringar av Sofie Skogen og Kareema Wiig (2). Etter dette tapte laget sine to siste kampar i gruppespelet, men gjekk likevel vidare til A-sluttspelet. Her møtte dei Førde 2 i kvartfinalen, og jentene tok ein sterk 4-2-siger. Her laga Wiig to nye mål, medan Gøril Ramstad og Amanda Ramstad sette dei to siste. I semifinalen mot Førde 1 blei det vanskelegare, og jentene måtte sjå seg slått 2–1. Også her var det Kareema Wiig som stod for herøyværingane si scoring. Bronsefinalen blei også ein nedtur då Gaular vart for sterke og vann 4–1. Gøril Ramstad stod for trøystemålet.

– Nøgde med A-sluttspel

Toppscorar Kareema Wiig seier seg nøgd cupen, sjølv om bronsefinalen ikkje gjekk heilt etter planen.

– Vi spela bra, og er godt nøgde med å ta oss til A-sluttspelet. Det er alltid betre med ein fjerdeplass enn ein sisteplass, seier Wiig.

Også trenar Synne Dale Ryan likte det ho såg.

– Det var tøft i det innleiande spelet, men jentene gav ikkje opp og kjempa seg til bronsefinale, sjølv om dei hadde mange slitne bein, seier ho stolt.

– Måtte bli kjende med kvarandre

Ryan er også trenar for damelaget til Bergsøy/Tjørvåg/Gurskøy som i år hadde sin første sesong saman.

– Vi sleit litt i starten. Jentene kjende ikkje kvarandre og vi spela mange 9ar-kampar, og resultata var ikkje dei beste. På hausten fekk vi spele 11ar og det hjelpte på. Vi tok store steg utover hausten, seier Ryan.

Kareema Wiig er einig.

– Det har vore stor framgang, og vi har blitt ein fin gjeng.

Ryan og Wiig fortel at laget har rundt 20 spelarar på blokka, der dei fleste er fødde i år 2000 og 2001, men at det også er nokre yngre og eldre spelarar på laget. På treningane er det no rundt 14 spelarar, etter at dei ofte berre var åtte i vår.

Optimisme før neste sesong

Ryan fortel at spelarane allereie har bestemt seg for å trene hardare og bli betre neste år.

– No veit alle kvar dei står, og kva dei kan jobbe med inn mot ein ny sesong. Og jentene er villige til å legge ned treningstimar i det, seier trenaren.

Kareema Wiig avsluttar med at både ho sjølv og dei andre jentene blir med neste år, og at også ho er sterk i trua på at laget vil bli betre då.