– Det er ei avgjerd eg har teke sjølv. Fotballen har tatt veldig mykje tid, og eg er sliten. Samtidig har kanskje mine eigne ambisjonar vore større enn klubben sine, seier Sandanger.

Nyheita om at Sandanger gir seg som hovudtrenar i Bergsøy, slo ned som ei bombe i fotballmiljøet på Søre Sunnmøre fredag. Det er ikkje meir enn ei veke sidan Sandanger var i planleggingsfasen av neste sesong. Derfor er det nok mange som no stiller seg spørsmålet om kva som har skjedd. Sandanger har forståing for det, men seier samtidig at det ikkje er noko dramatikk bak avgangen.

– I forhold til Bergsøy so er det slik at eg siktar veldig høgt, og brenn skikkeleg for fotballen. Eg har kanskje mål som er litt for store i forhold til det klubben vil på noverande tidspunkt, og då er det fornuftig å skilje seg medan vi er gode venar, seier han.

For Sandanger personleg har det også blitt litt vel mykje i det siste.

– Jobben som sportsleg leiar og A-lagstrenar i Bergsøy er meir enn ein fulltidsjobb, og når eg samtidig har Metizoft blir det svært hektiske dagar. Eg er også i gang med FIFA si A-lisens trenarutdanning som vil gjere meg kvalifisert for trenarjobben heile vegen opp til Eliteserien, seier Sandanger.

Vil trene eit lag på høgare nivå

For Sandanger har ikkje tenkt å gi seg med fotballen.

– Eg har heilt klart ambisjonar om å trene eit lag på eit høgare nivå, og kjenner at eg framleis har mykje å gi i fotballen. Ein veit heller aldri kva som skjer i januar, kjem det eit godt tilbod tek eg det, slår Sandanger fast.

Sjølv om han ikkje lenger skal vere A-lagstrenar er planen at Sandanger skal halde fram som sportsleg leiar i Bergsøy. Men styret i Bergsøy opplyser i ei pressemelding at han står fritt til å forlate den jobben, om han får eit godt tilbod frå ein anna klubb. Sandanger sjølv planlegg å halde fram som sportsleg leiar og gjere sitt beste for at Bergsøy tek dei stega som klubben ynskjer. Det er også meininga at han skal delta i tilsetjingsprosessen av ein ny trenar.

– Men vil ikkje det vere utfordrande når du har ein litt anna filosofi enn klubben?

– Det kan det vere, men samtidig so handlar det om å sette klubben føre seg sjølv, og då skal vi nok klare å finne ei god løysing, seier Sandanger.

– Hatt ein sjuk treningskultur

Sandanger er klar på at han tek med seg mange kjekke opplevingar når han no forlèt trenarjobben.

– Vi har nesten ikkje tapt kampar, og slått fleire gode lag. Eg er rett og slett stolt over det vi har fått til. Vi har bygd opp ein klar spelestil, spelarane har vore svoltne og vi har hatt ein sjuk treningskultur i gruppa. Vi har fått folk på tribunane og interessa er stor. Alt er tilrettelagt for den som skal ta det her vidare, seier Sandanger.

Sandanger ramsar opp fleire kampar som har vore spesielle for han, men innrømmer at det er vanskeleg å kome utanom NM-kampane mot Aalesunds FK og Kristiansunds BK.

– Eg går rundt å tenker på hendingar frå dei kampane den dag i dag, seier Sandanger.

Ein spesiell dag

Fredagen blei elles ikkje slik Sandanger såg føre seg, sjølv om han visste at nyheita skulle ut i dag.

– Eg har blitt nedringt av folk som er interesserte i heile dag. Sjølvsagt er det kjekt med interesse, og det er spesielt kjekt at folk har lagt merke til Bergsøy og bryr seg om kva som skjer i klubben vår, avsluttar Sandanger.