– Ja, no er det mykje liv i gangane på kulturskulen og elles rundt om i bygdene der vi underviser. Her er mykje aktivitet og førebuingar til alt som skal gå føre seg denne og den neste månaden, konstaterer rektor ved kulturskulen i Herøy, Rune Paulsen.

Vi besøker kulturhuset ein ettermiddag då fleire elevar er i gang med dagens øving. Tre av dei som øver er gutane Alfred, Alexander og Per Nikolai, alle ti år gamle. Dei har songtime med songlæraren Birgitte Vik Wymer.

– «Rocking around the christmas tree…», syng gutane i kor, før dei gir seg ut på ein real og rocka luftgitarsolo.

Nummeret dei øver på er berre eit av mange forskjellege innslag til eit av dei i alt 16 arrangementa som kulturskulen har planlagt før jula ringer inn. Dette involverer alt ifrå nybegynnarkonsertar på huset og jule-miks-konsert til adventskonsert og ei framføring i kommunestyret og mykje meir.

Begeistra rektor

Paulsen observerer elevane øve og er veldig glad for å sjå at det bognar av aktivitet i skulen.

– Det er so flott å sjå kor mykje dette tilbodet betyr for elevane. Dette er ein stor ressurs for Herøy kommune, med tanke på trivsel og bulyst. Av mylderet med konsertar rundt omkring i kommune vår, Ein ser ein også at kulturlivet blomstrar. Kvar veke er det fleire kulturtilbod som passar for kvar ein smak og kvart eit øyre, slår han fast.

Paulsen anbefaler såleis at så mange som mogleg tek turen for å sjå på nokre av dei mange konsertane og framsyningane dei setter opp dei neste månadane.

– Dette er ei fin moglegheit til å sjå utviklinga til elevane.

370 enkeltelevar

Herøy kulturskule har for skuleåret 2018/2019 om lag 520 elevplassar. Fleire av elevane er med på ulike grupper, og til saman 370 enkeltelevar er med i kulturskulen.

– I år har vi 44 personar på venteliste, noko som skuldast at vi manglar lærarar til å kunne gje desse eit tilbod, utdjupar Paulsen.

Til slutt skryt han av at Herøy skil seg ut blant samanliknbare kommunar, ettersom dei har 35 prosent dekning i barneskulen.

– Dette er bra høgt, avsluttar han.