Slik avsluttar fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik eit brev til Herøy kommune, datert 13. november 2018.

Møre og Romsdal fylkeskommune har nemleg fjerna Herøy vidaregåande skule frå sin tiårige investeringsplan. Årsaka er økonomiske utfordringar:

– Fylkeskommunen er komen i ein økonomisk situasjon der det er naudsynt å spare inn 250 mill. kr årleg i drift. For å klare dette er fylkeskommunen i gang med «Prosjekt 2020», som skal kartlegge moglege innsparingar. Dette prosjektet er venta å legge fram eit forløpsprosjekt i april 2019 og ein tiltaksplan i desember 2019, heiter det i brevet.

Vidare kan vi lese:

– For at prosjektet skal kunne verte vellukka, må fylkeskommunen fyrst vurdere heile drifts- og investeringsportefølja før det er mogleg å inngå nye avtalar.

Går utover utdanning

Som ein konsekvens av den nemnde vurderinga, vil alle fylkeskommunale innan utdanning kunne bli skyvd langt ut i tid.

– Dette betyr at Herøy VGS ikkje er inne i tiårig investeringsplan, noko som er ein føresetnad for å kunne inngå forskotteringsavtale med Herøy kommune.

Kan skulen bli lagt ned?

Fram til framlagt Prosjekt 2020 er ferdig handsama politisk, vil fylkeskommunen difor ikkje arbeide vidare med ny vidaregåande skule i Herøy.

Og som om ikkje det var nok:

– Fylkesmannen vil no arbeide med alternativsvurderingar for å kartlegge mogleg handlingsrom dersom ein må sjå på samanslåing av fleire vidaregåande skular i regionen.

– Trist tenking

9. oktober i år deltok ordførar Arnulf Goksøyr på eit møte med fylkesordførar Jon Aasen og bygg- og eigedomssjef i fylket, Per Olaf Brækkan, der dei mellom anna diskuterte ny vidaregåande skule i Herøy. I tillegg til Goksøyr, møtte tre andre representantar frå kommunen; Svein Gjelseth, Solveig Båtsvik og Jarl Martin Møller.

– Vi hadde ein god og offensiv diskusjon, der det høyrdest ut som at vi i fellesskap skulle få utarbeida ein framdriftsplan for den nye skulen. Vi vart samde om at vi fire frå kommunen skulle vere med vidare i ei prosjektarbeidsgruppe, som også inkluderte folk frå næringslivet, og at vi sulle sette i gang ein workshop med fylket. Slik det ser ut no, er det bortkasta tid, seier Goksøyr og held fram:

– Ein blir berre matt av å prøve å få til noko som har med øvre myndigheiter å gjere. Viss dei køyrer økonomien i grøfta og ikkje har pengar til å drive vidaregåande skular, så set dei heile skulestrukturen på spel. Den lettaste måten å redusere folketalet på er å leggje ned vidaregåande skular og sende elevane ut i verda – for 70 prosent av dei som reiser ut, kjem ikkje tilbake. Det er ganske trist tenking.

– Dramatisk lesing

Leiar av skuleutvalet, Svein Gjelseth, vart mildt sagt skuffa då Vestlandsnytt presenterte innhaldet i brevet frå fylkeskommunen for han i går.

– Dette var dramatisk lesing. Vi har jobba for ein ny vidaregåande skule i Herøy heilt sidan 2013. Lokalt næringsliv er villige til å investere og er klare til å forskottere skulen, men dei er også veldig klare på at då må skulen ligge inne på langtidsplanen til fylket. Det er ille at vi skal tape denne saka no på målstreken, seier han.

Han trur «stoppet» i arbeidet – då det vart snakk om å legge skulen til sentrum – kan ha vore utslagsgjevande for den nye vendinga i saka.

– I den samanheng kom fylket sterkt på banen og dei ivra veldig for at den nye skulen skulle liggje i Fosnavåg sentrum. Men dette har skuva saka litt ut i tid, og det er dette som gjer at vi no tapar. Det er veldig, veldig dumt, seier han.

Trur på skule i framtida

Svein Gjelseth er likevel optimistisk i forhold til å bevare den vidaregåande skulen i Herøy.

– Herøy har ein særs god posisjon innanfor det maritime og marine. Der er ingen annan plass i fylket, som ligg betre til rette for maritime fag og naturbruk, fangst og fiske, seier Gjelseth.

Ikkje heilt spikra

Gjelseth vil heller ikkje gi opp håpet heilt for ein ny skule.

– Slaget er ikkje tapt før Fylkestinget har klubba budsjett- og økonomiplan. Dette er ei sak vi kan kome tilbake til, seier han.