– Vi samarbeider med tidlegare eigarar av røykjeriet, og held no på å få omregulert den nedste delen av område vi har hand om, der røykeriet er i dag.

Det fortel dagleg leiar for Sjøkanten AS, Gunnar Gundersen. Med selskapet har han no sett i gang ein prosess med å få rive det gamle røykjeriet på Nærøya og nytte seg av dette landarealet til bustadtomter.

– Røykjeriet skal rivast og vi vil fylle opp område 1 til 1,5 meter høgare enn slik det er i dag, utdjupar Gundersen.

Rivingsløyve er på plass, så det vert truleg ikkje så lenge til at dette arbeidet kan starte. Men det er ikkje slett alt som skal rivast.

Flyttar hall til Mjølstadneset

Den grøne store hallen ved Røykjeriet skal ikkje rivast, men flyttast. Han skal stå på Mjølstadneset der murane allereie er klargjort. Akkurat kva tid dette skjer er ikkje sikkert, men Gundersen fortel at dei tek det når det høver seg.

– Inntil vidare kan han stå sopass vi kan bruke han som lager mens vi bygger.

Gundersen er elles klar over at det er eit historisk landemerke som no skal rivast, men han ser det som viktig å sjå framover. Eigarane av røykeriet er med på laget, og Sjøkanten-leiaren trur folk verkeleg vil få opp auga for plassen når den falleferdige bygninga vert fjerna.

27 bueiningar totalt

– No held vi på med å justere reguleringsplanen for området der røykjeriet står. Her legg vi opp til seks einebustadtomter som vi vil selje ferdig opparbeidde. Her vil kjøpar stå fritt i forhold til husleverandør, opplyser Gundersen.

Området syd for røykjeriet er ikkje omfatta av reguleringsendringa som Sjøkanten jobbar med å få gjennom. Her er der fire tomter som stort sett er byggeklare. Desse tomtene er regulert for to tomanns og to firemannsbustader.

I tillegg til desse bueiningane vil der også kome eitt leilegheitskompleks med i alt ni leilegheiter. Dermed blir det total bueiningar 27.

– Fleirmannsbustadane vil vi bygge ut sjølve, eventuelt i samarbeid med andre, konstaterer Gundersen.

Det skal også settast opp ein leikeplass i området.

– Unikt område

Gundersen er sikker på at dette er rette staden å satse. Han har allereie fleire interessentar som kunne tenke seg å tinge bustad i området.

– Det er eit unikt område, og vi har allereie tinga vekk to tomter under føresetnad av at justeringane i reguleringsplanen vert godkjend.

Han ser friområde rundt som ein grunn til å ha trua på denne staden.

– Området ligg også nær Einedalen skule, og har trygg gangveg heile vegen.

Og noko av det viktigaste av alt er at her er nærleik til sjøen, held Gundersen fram.

– Eg likar i alle fall å bu nær sjøen, med dei moglegheitene som er der. Eg reknar med eg ikkje er den einaste, seier han.

For å gjere havet tilgjengeleg for dei buande, skal det lagast ei promenade langs kaia.

Knytast til naustsatsing

Bustadsatsinga på Nærøya kan også sjåast i samanheng med planar Sjøkanten AS allereie har i Leinevika om å sette opp naust. Her er det i reguleringsplanen godkjend tolv naust i rekke, samt fem båtgarasjar der båten flyt inn i naustet. Garasjane skal kunne tilpassast båtar heilt opp til 60 fot. Her vil ein kunne køyre båten rett inn i naustet og late igjen døra, får vi forklart.

– Det er tanken at dei som kjøper bustad i feltet på Nærøya også skal få tilbod om naust, seier Gundersen.

Framdrifta på nausta vert tilpassa alt etter som der er interesse for dei.

Bak selskapet Sjøkanten AS finn vi Gunnar Gundersen og Sindre Thorseth. Som følgje av denne satsinga kjem også Ragnvald, Svein og Håvard – alle med etternamn Nærø – inn på sidarsida i selskapet.