Arnt Nybø sukkar lettare oppgitt og legg på bordet massevis av papir om Sande kommune sine vassverkutbyggingar – med tilhøyrande planar – dei siste tiåra.

Då kommunen i 2016 fekk ein rapport frå eit innleigd firma om tilstanden på leidningar og røyr i Sæssvatnet i Gursken, ei vasskjelde kommunen no vil fase ut, var det bom stopp.

– Statshemmelegheiter?

– Ikkje ville kommunen svare meg, og då eg klaga til Fylkesmannen, var det same svar: Rapporten inneheld sensitive opplysingar og kan ikkje frigjevast, seier Nybø, som legg til:

– Eg skjønar at all informasjon om vassverk ikkje er offentleg, mellom anna med omsyn til terror og liknande. Men det eg vil ha svar på, gjeld kva inspeksjonen av inntaksarrangementet til Sæssvatnet gav til svar. Det kan vel ikkje vere snakk om statshemmelegheiter, undrar Nybø.

Grunneigarane vil kjempe

72-åringen som bur i Fosnavåg har tidlegare budd på Larsnes, men kjem eigentleg frå Hakallestranda. Familien er grunneigarar og har hytte ved Sandvikvatnet i Åram krins.

Det er dette vatnet Sande kommune på lengre sikt peikar på som aktuelt for framtidig vassforsyning for heile kommunen.

– Vi er eit grunneigarlag som har sterke interesser og kjem til å kjempe for våre rettar. I dag kan Sandvikvatnet tappast ned 25 cm. Om også Gursken og Gjerdsvika skal få vatn herifrå vil vasstanden måtte senkast ned til ein halvmeter. Dette vil tørrlegge store område av det som i dag er vatn.

Nybø varslar elles at ei utviding av Bergsnev vassverk (Sandvikvatnet) kan kome til å føre til verdiforringing av eigedomane rundt vatnet. Og det vert allereie snakka høgt om eventuelle krav om tapserstatting.

– Dyrt for abonnentane

Nybø meiner det også for innbyggjarane og vassverkkundane i Sande må vere viktig at kommunen kan velje den beste og rimelegaste løysinga.

– Å leggje ny leidning ned Sandvikdalen og ut fjorden nord til Haugsbygda representerer samla sett ein kostnad som Sande kommune har rekna til 47 millionar kroner. Det er pengar kundane får i påslag på vassgebyret. I staden må det vere langt betre å finne gode alternativ lokalt. Sandvikvatnet kan godt forsyne både Gursken og Gjerdsvika.

– Men eg har ei kjensle av at Sæssvatnet, med korrekt måte å drifte det på, utmerka godt kan forsyne Gursken også i framtida. Det er her mitt spørsmål om innsyn i den tekniske tilstanden rundt vassinntaket i Sæssvatnet er. Men det får vi altså ikkje svar på, forstå det eller ikkje, seier Nybø til Vestlandsnytt.

– Få alt fram i lyset

– Så seint som i 1985 omtalar Viak AS Sæssvatnet som ei god vasskjelde, med kapasitet på 2,3 millionar kubikkmeter vatn årleg. Kvifor Viak i dag har andre synspunkt rundt framtida til Sæssvatnet som drikkevasskjelde er det mange som lurer på, seier Nybø.

Han meiner det i ei sak som vil koste mykje og innebere store endringar i forsyningssystemet, som minstekrav burde ha vore lagt fram dokumentasjon på kor mange gongar opp gjennom åra inntakssystemet i Sæssvatnet har vore kontrollert og eventuelt utbetra.

– Låg leidningen nede i slammet. Uansett er det viktig å få alt dette fram i lyset, avsluttar Nybø.

– Spekulasjonar frå Nybø si side

Teknisk sjef Kjell Martin Vikene meiner Fylkesmannen sitt avslag på innsyn talar eit tydeleg språk.

– Kommunen vurderer det slik at vi ikkje kan levere ut informasjon om tekniske installasjonar knytt til ei drikkevasskjelde. Når Fylkesmannen seier det same, syner det at våre vurderingar er korrekte. Det må Arnt Nybø berre akseptere, seier Vikene.

– Men korleis var tilstanden rundt inntaksleidningen?

– Det var slik det skal vere. Det er alt eg kan seie om det, seier Vikene kontant.

(Saka held fram under bildet)

Kjell Martin Vikene: Teknisk sjef i Sande kommune meiner Arnt Nybø sine tankar er rein synsing. (arkivfoto) Foto: Endre Vorren

– Spekulasjonar

Han seier han kjenner godt til «Nybø sine spekulasjonar» kring dette og vassforsyninga elles. Også påstandar om at det vert mykje areal tørrlagt rundt Sandvikvatnet om kommunen utvidar forsyningsområdet for dette vatnet.

– Status i dag er at det er godkjent ei reguleringshøgde på 25 cm. Denne reguleringshøgda kjem til utføring under det ein definerer som «tørrår» i vassforsyningssamanheng. Eit «tørrår» er definert til/oppstår om lag kvart 25. år. Om Sandvikvatnet skal forsyne også Gursken og Gjerdsvika må reguleringshøgda definerast til 40 cm (+ 15 cm). Eg er ikkje kjend med at reguleringshøgda har vore nytta sidan vassverket vart utbygd før tusenårsskiftet, seier Vikene.

Han meiner det vil vere svært lite sannsynleg at nivået i Sandvikvatnet vert påverka med dagens forsyningsområde eller om forsyningsområdet også vil omfatte Gursken/Gjerdsvika.

– Nivået i Sandvikvatnet vil faktisk kunne vere meir påverka av einsidig vind, kalla Seicher-effekten, enn av vassforsyninga. Einsidig vind over tid kan faktisk heve og senke vatnet med fleire titals cm i vindretninga, seier Vikene.

I første omgang skal Sande kommune gjennomføre ei utbygging i Gjerdsvika som skal forsyne Gjerdsvika og Gursken. Etter kvart må ein ta stilling til om Sandvikvatnet kan nyttast som framtidig permanent kjelde her.

Forsyning to vegar

– Vi held no på med grunninnløysing for det nye reinseanlegget i Gjerdsvika, og skal starte arbeidet med anbodsdokument. Om Sandvikvatnet vert valt som permanent kjelde her, vil Sædalsvatnet verte reservevassforsyning. Reservevassforsyninga vil då i prinsippet kunne dekke heile Sande og Åram-delen, seier Vikene.

Sande kommune har saman med NVE etablert kontinuerleg overvaking av høgde og avrenning frå Sandvikvatnet.

Til Nybø sine utsegner om at Viak i 1985 karakteriserte Sæssvatnet som «ei god vasskjelde», kommenterer Vikene:

– Det vart i 1997 lagt fram hovudplan for vassforsyninga i Sande kommune. Her vart det konkludert med at Sæssvatnet ikkje var eigna kjelde som vassforsyning for Gursken og Gjerdsvika. Utbyggingsplanane er godkjende av Mattilsynet og Sande kommune.