Bak reiarlaget Remøy Sea Trawl AS står Jack Remøy. Prosjektmidlane skal dei bruke til utvikling av nye energieffektive styresystem for fartøy og trål for slep av trålposar.

– Vi fekk det vi søkte om, så det er vi godt fornøgde med, seier Remøy i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Følgjande har han dette å seie om den vidare prosessen.

– Når det gjeld prosessen vidare så blir det utprøving og deretter verifisering ved å bygge ein prototype av ein Quatro-trålar.

Ein eksakt dato for kva tid prototypen vil vere ferdig er ikkje kjend, og Remøy seier dette er avhengig av verft og at det truleg vil ta fleire år.

– Avgjerande med slik støtte

– For at vi skal nå regjeringas ambisjonar på hav er det avgjerande å støtte bedrifter i arbeidet med å teste ut avansert teknologi før den settast inn i storskalaproduksjon. Det gjer vi gjennom havpilot-programmet, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) om tildelinga.

Det er Innovasjon Norge som i juni i år lyste ut 30 millionar kroner til prosjekt som retter seg mot bedrifter i maritim sektor og i sjømat-næringa. I 2018 blei det sett av 30 millionar kroner over statsbudsjettet til havpilot-programmet, og i 2019-budsjettet er det foreslått å føre vidare denne satsinga.

Havpilot-programmet gir støtte til pilot- og demonstrasjonsprosjekt frå marin og maritim sektor. Støtta har som mål å redusere risikoen til private aktørar som ønsker å realisere og kommersialisere ny teknologi. Innovasjon Norge samarbeider med Norges Forskningsråd om forvaltninga av midlane.

17 av totalt 42 bedrifter fekk innvilga sine søknader. Av disse var fem av bedriftene innan fiskeri, fire innan maritim og åtte innan havbruk. Tre av dei var i Møre og Romsdal.

– Havnæringane skapar verdiar for nesten 500 milliardar kroner kvart år, og er kjempeviktige for norsk økonomi. Skal vi sikre eit berekraftig velferdssamfunn, trenger vi næringar som skaper verdiar og nye jobbar. Derfor er hav eit viktig satsingsområde i 2019-budsjettet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), i ei pressemelding.