Klokka var 23.18 fredag kveld, då draken teikna seg på nordhimmelen. I alle fall sett frå Remøyholmen, der Bernd bur. Han var, som mange andre fotografar denne kvelden, på fotojakt i eit strålande vakkert nordlys.

Med sitt Sony-kamera hadde Bernd stilt kameraet på to sekunds lukkaropning, og ein ISO på 3.200.

– Eg hadde flaks her. Det er naturen som bestemmer bilda, og så kan vi andre prøve å fange stemningane, seier Bernd.

Han utdjupar:

– Ved slike augneblinkar kjenner eg berre lukke – at vi menneska skal vere varsame med alt, anten det gjeld andre menneske, verda eller naturen generelt. Vi er alle saman berre gjestar her, seier Bernd Zillmer.

Som namnet gir oss eit hint om, er Bernd tilflyttar frå Tyskland. Han har drive med fotografering i mange år, og synest nordlyset er noko av det mest spennande ein kan feste på minnebrikka.

Sjølv om han gjerne fotograferer det som høgt på himmelen, er det under vatn han har sin profesjon. Det er i alle fall det han lever av, som tilsett i taredyrkingsselskapet Tango Seaweed.

Lesarar: Send oss gjerne bilde av nordlys og anna «snacks» i naturen!