Styreformann i Nordfjord Hus AS, Rune Solheim, har stor tru på dei arealeffektive og moderne bustadene til Archihus.

– Vi ønsker ikkje å utkonkurrere dei allereie etablerte aktørane, men heller vere eit supplement i dagens bustadmarknad. Vi veit at nyetablerte og folk som flyttar tilbake til regionen ofte er nysgjerrige på funkishus. Med Archihus i ryggen tilbyr vi litt andre typar bustadar enn det tradisjonelle bustadbyggarar gjer, seier Solheim i pressemelding.

– Trur vi vil vere interessant

Kjededirektør i Archihus, Jan Hoff, seier til Vestlandsnytt at dei opplever stor interesse frå heile landet for bustadene sine, og at han trur dei vil passe godt for sunnmøringane.

– Vi har høyrt at det er interesse for slike bustadar i området gjennom vår samarbeidspartnar, Nordfjord Hus. Archihus er kort fortalt ein ny serie bustader, som har mindre areal, men er svært effektive. Dei passar perfekt for folk som er genuint opptekne av moderne arkitektur, seier Hoff.

I pressemeldinga opplyser Archihus at det i følgje tal frå prognosesenteret er eit årleg behov for over 1100 bustadar i Møre og Romsdal i den komande femårsperioden. Det årlege behovet i Herøy er rekna til å vere rundt 20 bustadar.

Alle bustadtypar

Archihus har valt å ikkje spesialisere seg på ein spesiell bustadtype, og leverer både einebustadar, fleirmannsbustadar og rekkehus. Dei tilbyr også fritidsbustadar.

– Våre bustadar er kjenneteikna av at vi nyttar moderne element som store vindauge over to etasjar, glasrekkverk og aluminiumstak. Vi er nok ei kjede litt utanom det vanlege, seier Hoff.