Det Internasjonale rådet for havforsking (ICES) fekk nyleg observatørstatus i FN si Generalforsamling. Dette er ei fin moglegheit for Runde Miljøsenter i å kunne nå ut endå breiare internasjonalt, ifølgje ei pressemelding på deira nettside.  Lars Golmen ved Runde miljøsenter har i over 10 år delteke i arbeidsgrupper under ICES. Han vil også vere med vidare under den nye FN-statusen. I pressemeldinga kommenterer han følgjande:

- For Runde Miljøsenter er det nyttig å vere med i slike internasjonale fora. Det bidreg til utvida nettverk og nye oppgåver, og koplar Runde Miljøsenter tettare opp mot det som skjer internasjonalt på tema «hav».

Som eit døme blir det peika på at dei skal vere med på å utarbeide FN sin neste havrapport, World ocean assessment, som kjem i 2020.