Mowi er namnet på eitt av dei første norske havbruksselskapa for meir enn femti år sidan, og er dermed ein viktig del av historia til Marine Harvest.

Laksepionerane i Mowi sette våren 1969 ut laksesmolt i sjøen ved Sotra.

Konsernsjef i Marine Harvest, rovdestrandingen Alf-Helge Aarseth, seier namneskiftet og merkevaresatsinga inneber spennande steg for konsernet.

– Gjennom Mowi og vår nye merkevarestrategi kan vi kommunisere at vi dekkjer heile verdikjeda frå fôr til tallerken. Vi ser fram til å annonsere våre nye Mowi-produkt dei komande månadene, seier Aarseth i ei pressemelding tysdag morgon.

Kjerneverdiane

Han meiner Mowi er eit godt namn som reflekterer gründerånda som har utvikla selskapet dei siste femti åra.

– Frå den første laksen i 1964 har vi vakse til å bli eit globalt, heilintegrert selskap som dekkjer stamfisk, produksjon, oppdrett, vidareforedling og sal. Gjennom dei femti åra har vi alltid vore tru mot våre kjerneverdiar, det å bry seg om våre folk, vår fisk, våre kundar og miljøet, seier Aarskog.

Den føreslegne namneendringa treng først grønt lys frå aksjonærane. Det er no kalla inn til ekstraordinær generalforsamling som skal behandle framlegget. Planen er at Marine Harvest offisielt skal bli Mowi 1. januar 2019.