Jonas Kvalsund Hansen imponerte då Team Hansen tok turen til Ask biljardklubb i Gjerdrum i helga. Laurdag vann han alle sine tre kampar og var dermed kvalifisert for semifinalen søndag.

I semifinalen møtte han Ole Kristian Rudshavn frå Oslo BK. Det blei ein særs spennande kamp, men som diverre enda med tap 6-7, fortel Even Eiken Pettersen til Vestlandsnytt.

Jonas måtte dermed reise heim med bronse, medan Rudshavn til slutt tok sigeren.

Jan Ove Kvalsund Hansen tok 9.-plassen etter å ha vunne ein og tapt to.

Edvin Eri Pettersen var også i aksjon, han spela 2. divisjon i Porsgrunn. Han hadde ikkje sin beste dag, og blei nummer 17.