– Vi forventa ein tøff kamp, men det blei eigentleg aldri det. Kestutis scora allereie frå avspark.

Det seier Frank Sverre Kopperstad Skorpen, trenar for Bergsøy G19, då han summerer opp helgas finale i Førde cup.

Riekasius blei med sine tre mål kampens store spelar, og sørga for at heimefavorittane måtte ta til takke med andreplassen.

Spennande semifinale

Bergsøy innleia turneringa med to sigrar og ein uavgjort i gruppespelet.

– Eg følte eigentleg at vi hadde god kontroll heile vegen. Vi vann dei to første kampane, og var då vidare. Det var fyrst i semifinalen det blei spennande, seier Skorpen.

I semifinalen møtte Bergsøy laget dei tapte for i fjor, Bergen Nord.

– Vi hadde veldig lyst på revansje etter tapet for dei i semifinalen i fjor. Men det var ingen enkel kamp og resultatet ved fulltid var 2–2. Dermed blei det straffesparkkonkurranse, og der hadde vi nok litt tur. Vi bomma på den første, og hadde det ikkje vore for ei strafferedning av Ruben (Bjørlykke Storøy) hadde vi tapt, seier ein letta Skorpen.

Men Storøy han redda og Bergsøy-juniorane tok til slutt med seg sigeren heim.

Fleire lovande talent

I Førde Cup stilte Bergsøy med åtte mann. Men juniorstallen er til vanleg mykje større, og har fleire talentfulle spelarar.

– 15 av spelarane har trent med A-laget i år, og elleve juniorspelarar har fått speletid i 4. divisjon. So det er klart at om vi no klarar å ta vare på talenta har vi fleire spennande spelarar på veg opp og fram, seier Skorpen.

I seriespelet enda Bergsøy i år som nummer to, eit poeng bak Spjelkavik. Skorpen ergrar seg litt over at dei tapte 0–1 for «Vika» på heimebane, men trekk samtidig fram ein sterk bortesiger mot Hødd på slutten av sesongen som ein god indikator på kva som bur i laget.

Også Bergsøy J19 gjorde det godt på Førde Cup. Det kjem vi tilbake til i eiga sak.