Fotballforbundet la allereie før 2018-sesongen fram ei rekke forslag til ein ny seriestruktur frå 3. divisjon og nedover. Forbundet ynskjer å redusere talet på nedrykkslag i 3. divisjon frå fire til tre per avdeling, noko som også vil bety at det blir endringar i 4. divisjon, då talet på opprykksplassar vil bli redusert frå 24 til 18.

Det er i utgangspunktet to forslag som blir sett på som aktuelle. Det eine er å behalde 4. divisjonsstrukturen som i dag, med eiga serie for Sunnmøre. Det vil i so fall bety at alle avdelingsvinnarane må ut i ei kvalifisering om opprykk etter at seriespelet er ferdigspela. Forslag to er at ein kuttar talet på 4. divisjonsavdelingar frå 24 til 18, og at alle avdelingsvinnarane rykker direkte opp. Sunnmøre vil då bli slått saman med Nordmøre og Romsdal, og vi vil få ein fylkesserie for Møre og Romsdal, ikkje ulik den vi hadde i 3. divisjon for nokre år tilbake. Dette vil også bety at rundt halvparten av klubbane i dagens 4. divisjon rykker ned i 5. divisjon.

– Kva vil dei oppnå?

Larsnes/Gursken-trenar Anders Vaagen reagerer på at det til stadigheit skal gjerast endringar i divisjonssystemet.

– For å vere heilt ærleg synest eg det er merkeleg at slikt skal skje heile tida. Eg vil sjå tal som viser at noko har blitt betre etter desse omleggingane, seier ein skuffa Vaagen.

LGFK-veteranen reagerer spesielt på forslaget om ein fylkesserie.

– Ein må spørje seg om 4. divisjon skal vere topp- eller breidde-idrett. For ein liten klubb som oss kan ei lita tue velte eit heilt lass, og med dei distansane ein fylkesserie vil føre med seg, seier det seg sjølv at det blir vanskeleg. Mange av kampane vil bli spela i helgane, og for oss som har familie er ikkje det enkelt å få til, seier Vaagen.

Vil ha meir stabilitet i 3. divisjon

Dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrets, Bjørn Oskar Haukeberg, seier til Vestlandsnytt at det er eit ønske frå tredjedivisjonsklubbane som ligg til grunn for omleggingsprosessen.

– Før årets sesong fremja Harstad og Træff forslag om å redusere talet på lag som rykker ned frå 3. divisjon. Målet er at ein skal få mindre utskifting og meir stabilitet i 3. divisjon. Det har også blitt sett på korleis laga som rykker opp frå 4. divisjon klarar seg i tredje, seier Haukeberg.

Lanserer tilleggsforslag

Haukeberg har fått med seg at klubbane på Sunnmøre ikkje er spesielt godt nøgde med forslaget, sjølv om det var få av klubbane som sende svar då forslaget var ute på høyring tidlegare i haust.

– Eg registrerer at det er ein del misnøye blant klubbane, spesielt på dette som går på avstandar. No skal vi hugse på at det for klubbane i Nord-Norge er mykje større distansar enn det er for våre klubbar. Men samtidig har vi lytta til klubbane, og har no sendt eit tilleggsforslag ut på høyring blant klubbane. Det går ut på at vi i Møre og Romsdal fremjar forslag om at klubbane og kretsane i fylket sjølv skal bestemme korleis kampen om opprykksplassen skal avgjerast, seier Haukeberg.

Dette forslaget opnar opp moglegheita for at seriespelet kan bli spela som ein rein kretsserie på Sunnmøre, slik det har vore dei siste åra. Kven som skal rykke opp må deretter avgjerast gjennom ei opprykkskvalifisering. Om det berre blir serievinnarane, eller om også dei nest beste laga skal få delta i denne kvalifiseringa er ikkje klart.

Endringa i tilleggsforslaget kontra det opphavlege forslag ein, er at opprykkskvalifiseringa vil vere mellom lag frå Møre og Romsdal. I det opphavlege forslaget var denne opprykkskvalifiseringa foreslått som nasjonal eller regional.

Bergsøy vil bli betre

Bergsøy-trenar Toni Sandanger ser både positive og negative sider med begge forslaga.

– Eg er jo av den oppfatning at eit lag som vinn ein serie skal premierast med eit opprykk. Difor vil eg ikkje ha noko system der ein må spele kvalifisering for å få rykke opp, når ein faktisk har vunne ein serie. Men samtidig er det ei veldig god stemning rundt den kretsserien vi har no, som eg nødig vil gjere noko med. Eg støttar også dei klubbane som vil få problem med økonomien som følge av lange reiser, sjølv om det for oss går greitt, seier Sandanger.

Han ser også sportslege fordelar med ein fylkesserie.

– Det betyr at 4. divisjon vil bli spissa, og at nivået vil auke. Vi ynskjer å bli betre kvart år, og fryktar eigentleg ingenting, seier Bergsøy-sjefen.

Sandanger innrømmer også at det vil vere ein fordel for Bergsøy med færre nedrykksplassar i 3. divisjon om herøyværingane skulle klare å kjempe seg til eit opprykk i den næraste framtid.

– Gjævt for klubben vår

LGFK-trenar Vaagen føler at dei blir straffa for dei gode prestasjonane sine om omlegginga resulterer i at Larsnes/Gursken må spele i 5. divisjon.

– Vi har drive bra over fleire år, men risikerer no å bli straffa for dei gode prestasjonane våre på ny. Vi har bevist at vi er gode nok for 4. divisjon, og for oss som klubb er det gjævt å møte lag som Volda, Ørsta og Bergsøy, etter å ha spela fleire år i 5.- og 6.-divisjon tidlegare, avsluttar Vaagen med ei von om at «sunnmørsserien» i 4. divisjon blir som i dag også dei komande sesongane.

Truleg frå 2020

Uansett kva forslag ein til slutt vel å gå for, tyder det aller meste på at omlegginga først vil gjelde frå 2020-sesongen. 2019-sesongen vil då kunne fungere som ein kvalifiseringssesong. Det er også mogleg å få gjennomført omlegginga til 2019-sesongen, men då må det ifølgje Haukeberg skje eit «kupp» på tinget, der eit stort fleirtal av klubbane går inn for ei slik omlegging.