– Hadde eg køyrd ein personbil, kunne han ha kome over panseret og inn gjennom frontruta.

Drosjesjåfør Ståle Myklebust sat bak rattet i ein av Herøy Taxi sine minibussar, då ulukka skjedde.

– Det var tidleg om morgonen og mørkt. Fartsgrensa i området er 60 km/t, og eg køyrde i mellom 50 og 60. Heilt utan forvarsel, small hjorten inn i fronten på bussen, fortel Myklebust.

Han stoppa drosjen, som hadde fått store materielle skadar, og gjekk tilbake for å finne hjorten.

– Då hadde han sprunge. Eg ringde politiet, som sette meg over til viltnemnda, seier Myklebust.

Fann den 250 meter unna

Utanfor Mix Fosnavåg, nokre meter unna ulukkesstaden, treff vi leiar Sigurd Nygard og hundeførar Bjørn Storhaug i viltnemnda i Herøy. I tilhengaren framfor dei ligg den uheldige kolla, klar til å bli slakta. Ved sida av står hunden Balder, som dei kan takke for å ha funne det skadde dyret.

– Dette er ein konsekvens av å ha bynær hjort. Der er massevis i området, og dei kjem som skote ut frå buskar og hjørne, seier Nygard.

Kolla i tilhengaren vart funnen om lag 250 meter unna åstaden.

– Ho var så vidt levande då vi fann ho. Heldigvis låg ho i eit område utan bustadar. Hadde ho ikkje gjort det, kunne vi ha fått problem med å skyte ho, seier Nygard.

– Ver oppmerksam

Det er tredje gong på under to månadar at hjort er blitt påkøyrd i det aktuelle området, ei strekning på om lag 200 meter.

– Men her ute kan hjorten kome kvar og når som helst, seier Nygard, som nesten dagleg får telefonoppringingar frå folk som har sett hjort i hagane sine. Difor oppmodar han alle til å vere ekstra oppmerksame i trafikken.

Å unngå kollisjon med eit dyr som ser ut til å kome «ut av det blå» er elles umogleg. Men skulle uhellet inntreffe, gjeld det å gjere det rette.

– Det er ikkje ulovleg å køyre på hjort, men det er ulovleg å ikkje melde ifrå om det, seier Nygard.

Dersom du har vore borti ein hjort, må du ringje politiet eller viltnemnda.