– Å renovere kyrkja hadde vore umogleg for oss om det ikkje var for all dugnadsinnsatsen.

Det seier leiar for dugnadsgruppa, Linda Solveig Dyrhol, i Sande kyrkjelege fellesråd.

I midten av september stengde kyrkja, slik at den imponerande dugnadsgjengen kunne sette i gang med det fleire hundre timar lange arbeidet.

– Vi starta med å tømme sjølve kyrkjerommet for kyrkjebenkar. Då møtte det opp rundt 20 sterke karar og bar. Etter det har der vore folk i sving fleire kveldar i veka, nokre også på dagtid, seier Dyrhol.

Alt er etter planen

Dugnadsansvarleg, Odd Kåre Wiik, brukar ein gammal talemåte om den flittige gjengen:

– «Det er ikkje farleg» når ein har så dyktige fagarbeidarar på dugnad.

Ja, for dugnadsgruppa har fridd til folk dei veit har fagkompetanse, i jakta på dyktige folk. I tillegg har ryktet spreidd seg, og mange fleire har kome til. Resultatet er at renoveringsarbeidet går heilt etter planen.

– Første del av jobben var å fjerne alt golvbelegg i kyrkja og reinske golva for lim, seier Wiik.

Eit firma var innom og slipte golvet. Elles har bygdefolket gjort alt sjølv, frå å fjerne alle huntonitplater i våpenhuset, kitte og klargjere det for måling, til å fjerne dei gamle røyromnane og erstatte dei med nye, liknande omnar. Sjølve kyrkjerommet (skipet) og galleriet skal vere klare til konsert 18. november (meir om denne i ei anna avis). Men det står framleis ein del arbeid att før første etappe er over.

– Det vert dugnad både til helga og neste helg. I tillegg skal vi invitere bygdefolket til dugnad torsdag og fredag neste veke. Torsdag skal vi først og fremst vaske kyrkja, og fredag skal vi bere på plass benkane og vaske dei, seier Dyrhol.

Alt klart til 100-årsjubileet

Våpenhuset og trappegangen vert ikkje ferdigstilte slett enno, men det vert snart sett i gang.

– Vi jobbar fortløpande. Der er ein del store ting som skal bli gjort før 100-årsjubileet neste år, men eg håpar vi blir ferdige før det, forhåpentlegvis i god tid, seier Dyrhol.