Gjennom delegert vedtak frå NTM-utvalet har kommunen tildelt Karl Artur Vasstrand 21.950 kr til inngjerding av beiteareal for villsau på 84/5. Same søkjar har fått 7.350 kr til rydding av tursti frå vårfjøsen ovanfor Djupvika til Leite.

Fleire gjerdeprosjekt

Kristoffer Warholm får eit tilskot på 19.500 kr til inngjerding av beiteareal for villsau på 29/1.

Sigurd Noralv Aarsheimha fått tilsegn om på 61.300 kr til inngjerding av beiteareal. Gjeld fire ulike plassar, og gjeld både leigd og eigd jord. Løyve frå grunneigarane ligg føre.

Løetak

Vidare har Jan Myklebust fått tilsegn om eit tilskot på 34.800 kr til skifte av løetak på 18/6.

Det kom elles inn søknader med mangelfull dokumentasjon, opplyser teknisk etat.

Motverke attgroing

I Sande sin SMIL-strategi, vedteken av kommunestyret 18. juni 2018, blir det orientert om dei mange målsettingane for bruk av miljøtilskota. Vi nemner mellom anna:

Ta vare på verdiar i det opne kystlandskapet, legge til rette for friluftsliv, fremje natur- og kulturminneverdiane, motverke attgroing, fremje aktivt beitebruk, gjere det lettare å halde bruka i aktiv drift, redusere ureining og fjerne piggtråd.