Natt til laurdag i førre helg samla Fritidsklubben sin Nattcup eit rekordstort publikum på heile 450. I tillegg til dette, deltok heile 18 lag.

Arrangørane opplyser om at det kom folk frå heile kommunen. Der var også fleire frå nabokommunane, både ålesundarar, ørstingar og ulsteinvikarar.

– Ungdommen storkosa seg, og stemninga var i take frå start til slutt, seier Carl-Henrik Moltumyr, ein av arrangørane.

– Det gjekk over all forventning. Vi er storfornøgd med 18 påmelde lag og mange lag på venteliste. Vi kunne faktisk ikkje ta inn fleire.

Moltumyr meiner dette må vere den desidert beste nattcupen sidan dei starta opp med tiltaket.

– Breidda på heile arrangementet viser kor enormt nedslagsfelt vi har fått oss, og kor gøy dei snest det er med slike tiltak, avsluttar han.

Ulsteinvik-laget «Gratulerer med opprykk Hødd» blei vinnarlaget. «Regional Tannhelse IL FC» kom på andreplass.