Kjell Runde (Folkelista/Sp) reagerer på at brannbilen i indre framleis blir drøfta som eit mogleg innsparingstiltak.

– Eg kan ikkje gå med på at vi skal gjere innsparingar som går på kostnad av sikkerheita til folket i indre. Å spare på tryggleiken til folk burde ikkje eingong vere eit tema. Brannbilen i indre har forhindra ei rekke tragediar, sa Runde under forsmannskapsmøtet i Herøy.