Rådmann Olaus-Jon Kopperstad meiner framleis at driftskostnadane i Herøy er for høge, og vil ha fleire kutt. I ein kommentar skriv Kopperstad:

– For 2019 må inntektene aukast/driftskostnadane reduserast med 16,4 mill. kroner for å få balanse mellom utgifter og inntekter. Vi kan ikkje basere oss på å tappe eit driftsfond som allereie er for lite. Det er heller ikkje tilfredsstillande å basere seg på årlege rammeinnsparingar for å balansere budsjettet. Det er difor behov for nye permanente innsparingstiltak, skriv rådmannen.

Rådmannen presiserer også at det ikkje er rom for nye driftstiltak og investeringar slik stoda er no.

– Lett at vi går oss blinde

Formannskapet hadde ikkje noko problem med å sjå at dei står midt oppe i ein alvorleg situasjon. Derfor kom det tidleg fram eit forslag om at ein kanskje treng hjelp med å løyse utfordringane.

– Det kan vere lett å gå seg blind, kanskje treng vi at nokon utanfrå ser på tala, meinte Solveig Båtsvik (Frp).

Svein Gjelseth (Ap) var ikkje ueinig.

– Støttar tanken om å få nokon utanfrå. Elles er dette med å saldere budsjettet uheldig. Vi er nøydde til å ta det på største alvor, sa han.

– Leverer ofte rein svada

Gjelseths partifelle, Per Kristian Furø, var ikkje einig.

– Det er viktig at vi no set fokus på investeringar som kan føre til auka inntekter, om so dei er to-tre år fram i tid. Eg er meir usikker på dette med folk utanfrå, det er ikkje sikkert vi får det vi vil frå dei. Konsulentfirma er dyre, og ofte leverer dei ein rapport som er rein svada, og kjem med tiltak som ikkje er moglege. Eg vil stole på avdelingsleiarane, sa Furø.

Rådmann Kopperstad tok då ordet, og kunne fortelje at det ikkje er kven som helst som kan få eit slikt oppdrag.

– Det er tre konsulentbyrå som blir brukte til slike oppdrag. Ulstein har allereie bestemt seg for å nytte eit av dei til ein slik gjennomgang som vi snakkar om. Vanylven gjorde tilsvarande for fem-seks år sidan, og for dei var den nyttig. Det er snakk om anerkjente konsulentbyrå. Vi kan få ein slik rapport innan 1. april, men då må førespurnaden skje før nyttår, sa rådmannen, og antyda at det vil koste rundt 300.000 kroner.

– Gjer ikkje noko med rapportane

Også ordføraren og varaordføraren er skeptiske til slike rapportar.

– Vi har fått mange rapportar, men ikkje gjort noko med dei. Kva slags forventningar har vi til eksterne konsulentar? Eg vil bruke 300.000 til noko anna, sa ordførar Goksøyr (Høgre).

– Dei seier ofte ting som vi uansett ikkje lyttar til, sa Camilla Storøy (KrF).

Deretter kom dagens mest uventa kommentar.

– Eg er einig med Camilla! Vi får mange rapportar, men gjer ingenting med dei. Men samtidig ligg vi over på utgifter på fleire postar, og treng hjelp, sa Kjell Runde (Folkelista/Sp).

Då Storøy og Runde ikkje akkurat er kjende for å tale same sak kunne ikkje formannskapet gjere anna enn å le av den siste kommentaren.

– Kan fortelje oss nyttige grep

Rådmannen var derimot meir positiv til ein slik rapport.

– Eg forventar at rapporten vil fortelje oss kva grep vi skal gjere for å få ned kostnadane på dei områda som vil bli spesifisert, sa Kopperstad.

Inviterer rådmannen i Vanylven

Kopperstad la deretter fram eit forslag om at Vanylven-rådmann Andreas Nørve kan vitje desembermøtet og fortelje om kva Vanylven gjorde for å kome seg ut av ein utfordrande budsjettsituasjon. Dette forslaget var det stor oppslutning om, og det vil bli spennande å høyre kva Nørve har å seie. Det Nørve har å fortelje kan også ha betydning for om det vil bli leigd inn ekstern hjelp eller ikkje.