Kyststatane har blitt samde om forvaltinga av sild og kolmule i 2019, men er framleis usamde om fordelinga statane imellom.

Betydeleg meir sild

Totalkvoten for silda er sett til 588.000 tonn, som er ein betydeleg auke frå årets kvote på 435.000 tonn.

Glad og skuffa

– Denne avtalen sikrar ei berekraftig beskatting og samtidig eit noko høgare uttak av sild, seier ein godt fornøgd fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Derimot må Nesvik seie seg skuffa over at Norge, Færøyane, EU, Island og Russland ikkje har greidd å bli samde om fordelinga av neste års sildekvote.

Usemja går på eit norsk forslag om å ta ei vitskapleg kartlegging av silda si sonetil- hørigheit. Dette forslaget er det berre Russland som støttar.

– Det uroar meg at dei andre partane ikkje vil vere med på eit arbeid som kan løyse fordelingsspørsmålet, seier Nesvik.

Litt mindre kolmule

Den totale kolmulekvoten for neste år er sett til 1.143.629 tonn, som er ein mindre reduksjon frå i år.