Knut vaks opp berre eit steinkasta frå grusbana i Huldalen – bana til Bergsøy idrettslag. Frå han var fem-seks år gammal var det her han heldt til mesteparten av fritida si. Det gjekk ikkje lang tid før fotballinteresserte fosnavågarar oppdaga at Knut var eit fotballtalent utanom det vanlege. I 1962 vann Bergsøy Guteklubb den såkalla Sunnmørscupen/Gutteklubbcupen – med Knut på laget. Det var Sunnmørsposten som arrangerte denne årvisse turneringa for unge fotballspelarar på Sunnmøre. Her vart den målfarlege 11-åringen «oppdaga», og vart dermed kjend også utanfor Fosnavåg. Finalekampen vart spelt på sjølvaste Aksla stadion, der Bergsøy Guteklubb slo ålesundslaget Frigg, 1–0.

Det var ikkje berre det Knut presterte på fotballbana han fekk ros for i Sunnmørsposten. Midt under Gutteklubb-turneringa skreiv avisa om han i spalta «Dagens Blomst». «Vår lille ros(e) kommer seint, men vi visste ingen ting før vi i går leste i vår egen avis at han var blitt offisielt hedret for å ha reddet en smågutt fra å drukne. Det er ikke fritt for at vi gleder oss når vi opplever slike eller lignende eksempler at guttene opptrer like kjekt i hverdagen som når de kjemper i Gutteklubb-cupen».

Bergsøy Guteklubb vart starta kring 1960. Bortsett frå at laget fekk trene på bana i Huldalen, og i tillegg låne dei gamle, grøne og utslitne draktene til Bergsøy, hadde klubben ikkje noko spesiell tilknyting til idrettslaget. Før 1960 var det gutelag overalt på Bergsøya. Med jamne mellomrom møttest laga til dyst. Det gjekk ikkje alltid like fredeleg føre seg, men det var ikkje verre enn at det gjekk an å leve med det. Knut starta karrieren som keeper på Havørn i slutten av 1950-åra. Klubben med det flotte namnet høyrde heime i tjukkaste Fosnavåg. Det gjekk ikkje lenge før Knut oppdaga at det var kjekkare å skåre mål enn å vere keeper.

Hausten 1968, ti år etter debuten i Havørn, vart Knut høddspelar. Laget spelte då i den nest øvste divisjonen i Norge. Før dette hadde han vore med to sesongar på A-laget til Bergsøy. Der hadde han gjort det så godt at Hødd, flaggskipet i sunnmørsfotballen på den tida, ville ha han med på laget. Hødd vann si avdeling og rykte opp til det som i dag er eliteserien.

Også i 1969-sesongen gjorde Knut det godt og spelte seg til fast plass på Hødd. På laget var også herøyværingane Bjørn Prytz (keeper) og Jack Pettersen, og Hødd-legenda Kjetil Hasund. Denne sesongen fekk Hødd bryne seg mot lag som Rosenborg, Brann, Sarpsborg og Strømsgodset. For Knut vart det berre med desse to sesongane i Hødd-drakta. Han hadde bestemt seg for å satse på sjøen. Knut visste det var uråd å kombinere fiskaryrket med fotball på eit så høgt nivå. Etter å ha gjort seg ferdig med realskulen, i 1967, tok han deretter styrmannsskulen i Ålesund. I 1969-sesongen spelte han også handball for ålesundsklubben Herd og året etter for det nystarta herrehandball-laget til Bergsøy. Han kom med, som den aller første Bergsøy-spelaren på herresida, på kretslaget til Sunnmøre.

Knut klarte ikkje heilt å gje slepp på fotballen, for det «låg i blodet». Etter at han slutta på Hødd, melde han overgang til Bergsøy og rekna vel med å spele ein og annan kamp for laget når Teigenes var inne for å levere fangst. I 1974 byrja han som skipper om bord i Teigenes og fekk dermed endå meir ansvar og mindre tid til fotball. Men likevel vart det i dei komande sesongane mange kampar for Knut i Bergsøy-drakta. I mange år var han ein nøkkelspelar på laget – ein angrepsspelar som motstandarane både frykta og hadde respekt for. Vi som har spelt i lag med han, veit at han hadde ei eiga evne til å få både seg sjølv og medspelarane til å yte sitt aller beste og stå på heilt til siste slutt.

I 1980 rykte Bergsøy opp i 2.-divisjon, det som i dag svarar til OBOS-ligaen (1.-divisjon). To-tre år seinare måtte Knut gje seg som aktiv fotballspelar på grunn av skade. Men han heldt det likevel gåande med old-boys-fotball for Bergsøy heilt til han hadde runda 50 år.