- KrF viser med dette at dei prioriterer Stad skipstunnel, og at dei ønsker å få fortgang i arbeidet. KrF har alltid vore ein viktig støttespelar for prosjektet, skriv Randi Humborstad, prosjektleiar for Stad skipstunnel, i ei pressemelding.

Ho skriv vidare at om regjeringa skal følgje tidsplanen i Nasjonal transportplan (2018-2029) med byggestart seinast i 2021, so er det naudsynt med pengar til Kystverket i 2019, slik at dei kan starte prosessen med grunnerverv.

- Forprosjektet til Kystverket (2017) tilrår bygging av Stad skipstunnel, og grunngjev dette med at dei ikkje-målbare gevinstane ved skipstunnel overstige dei kronesette kostnadene, held ho fram.