Det kjem fram av eit utspel eigar av fleire tidlegare næringstomter på Toftesundholmen på Sandsøya, Richard Strand, har retta til Sande kommune.

Lager for konteinarar?

– Om ikkje kommunen forstår ansvaret sitt i saka, vil eg søkje eigedomen ført tilbake til industri igjen. Eg har kjøpar som vil bruke området til utelager av kjølekonteinarar, varslar Strand i eit heller skarpt brev til teknisk etat i Sande kommune.

Strand kjøpte arealet frå selskapet T-Holmen for nokre år tilbake. Det var allereie då planar for etablering av fritidsverksemd på holmen der Myklebust Preserving hadde drift til ut på 1980-talet.

Må rive sjøbuene?

Eigaren meiner tomtene 68/12 og 68/60 står oppført med feil næringskode i matrikkelen. No ber han kommunen om å endre desse til fritid, slik at matrikkelen blir korrekt (saman med 68/24).

– Alternativet håpar eg kommunen no forstår. Det kan medføre at eg må rive sjøbuer som eg meiner må takast vare på, fordi dette er ein del av innseglinga til øya, og ein viktig del av øya sin historie, opplyser Strand. No krev han ei juridisk bindande forklaring frå kommunen. Han varslar teknisk etat at han allereie har blitt påført store kostnader fordi eigedomane er koda som næring, og dermed må han betale formuesskatt.

– Verken eg eller kommunen ønskjer vel at eigedomane skal stå slik i 20–30 år til på grunn av konfliktar eller misunning, skriv Strand. Han legg til at kommunen må begynne å skjøne kva for ei perle dette kan bli for den som får høve til å kjøpe eller utvikle eigedomen. Planane omfattar med andre ord eit eigedomssal.

Strand strekar under at hans visjon er å gjere området vakrare, og han vil ha kommunen med som lokal styringsutviklar.

Han varslar dessutan at viss kommunen ikkje tek ansvar, så kan det gå mot rettssak.

No ønskjer han ei snarleg avklaring frå kommunen på spørsmåla rundt koding av tomtene i matrikkelen.

Dessutan vil han ha informasjon om eventuelle grenseendringar som har skjedd sidan han kjøpte eigedomar, slik at ein arkitekt kan jobbe vidare med saka på rett grunnlag.

Etter at Strand skreiv brev til teknisk etat om denne saka, har han også vendt seg direkte til kommunestyret. Her går han endå meir i detalj på vanskane han har støytt på når det gjeld arealbruken på eigedomane sine.