Fylkesrådmannen rår til å gi 1,5 mill. kroner frå fylket til det planlagde naustet og formidlingsbygget for Anna Olava ved Herøy kystmuseum.

Fylkeskommunen sitt bidrag vil utgjere ein viktig del av prosjektbudsjettet som er på til saman knapt 5,2 mill. kroner. Herøy kommune sitt bidrag på 2,1 mill. kroner vil bli avklara under budsjettbehandlinga i desember.

Stiftinga Sunnmøre museum stiller med 400.000. 1,2 mill. kroner er tenkt innkome frå bedrifter og sponsorar.

– Med denne innstillinga nærmar naustet seg realisering, seier ein glad styreleiar Tor Sindre Steinsvik i Herøy kystmuseum.