Ei flott nyheit for paret, heilt til det «tok av» mot Berg i kommentartorfelta i sosiale media. Nokre av kommentarane var i fylgje VG så sterke og stygge at dei ikkje kunne gjengjevast. Det formeleg hagla av oppgulp av verste sort.

Berg, kjend gjennom sitt miljøengasjement i det grøne partiet MDG, er ein av fleire nordmenn som har blitt reinaste hatsobjektet for dei mange nettrolla der ute. Dei fleste som kommenterer i sosiale media er heldigvis saklege. Men ein overraskande stor (og aukande?) prosentdel presumptivt vaksne og vettige folk nærast verkar demoniserte når dei set seg bak tastaturet.

Vi har nyleg også sett litt same tendensen i det ferske KrF-vegvalet. Her har Knut Arild Hareide blitt verbalt halshogd til stadigheit. Det finst også massevis av andre døme, og eit typisk trekk er at dette går ut over folk som gjerne markerer seg litt utanfor mainstream synspunkt.

Dette er ei skremmande utvikling. Det er ei utfordring for meiningsflora, politisk rekruttering og dermed også demokratiet. Det er også eit alvorleg tankekors at barn og ungdom veks opp i den tru at slik framferd er heilt innanfor. Også i våre spaltar har det nok ved enkelthøve skjedd at folk har gått over streken i omtalen av andre personar. Vi nyttar høvet og oppmodar til saklegheit også her.

I idretten heiter det at ein skal ta ballen, ikkje mannen. Det er eit godt råd. Bryt ein regelen, får ein gult kort, og i neste omgang raudt kort. Ein blir altså utvist. Ein ide også for sosiale media?