Forfatninga til Herøy kulturhus er no slik at ein ser seg nøydt til å gjere ei fasaderehabilitering.

Politikarane i formannskapet hadde fleire spørsmål om tilstanden til kulturhuset.

– Korleis er det med taket, undra Tine Storøy (Høgre) seg.

– Det lek fleire plassar. Skal vi gjere noko med det, må vi gjere noko med fasaden. Vi må ta fasade inklusivt tak, svara Myklebust.

– Korleis er det med tribunen, ville ordførar Goksøyr vite.

– Den bør skiftast ut. Der er større og større slitasje. Kanskje allereie neste år, sa Myklebust.

Per Kristian Furø (Ap) var oppteken av kva eit eventuelt handball-opprykk vil ha å seie.

– No som handballherrane kan rykke opp, blir ikkje det ekstra krav då, undra han seg.

– Jo, det vil nok bli nokre. Blant anna må vi ha betre lys.