Fylkeskommunen i Møre og Romsdal opplyser i ei pressemelding at kontrakten vil gjelde frå og med 1. januar 2020, fram til 31. desember 2033. I same melding går det også fram at fylkeskommunen skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta imot nye og større ferjer frå og med 2024.

Miljøvennleg

Med den ny kontrakten vil ferjesambanda på Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda redusere CO2-utsleppa sine med om lag 90 %.

- Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er svært glad for å redusere miljøutsleppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.