– Det er litt rart at eit stabbur kan vere verneverdig, men ikkje ei fyrlykt som har så mykje historie. Eg synest regelverket i denne saka har vore veldig firkanta.

Det seier Rebecca Vågsholm Myklebusthaug, etter at Kystverket plutseleg dukka opp utanfor den nytilflytta heimen hennar ytst på Vågsholmen og fjerna den tradisjonsrike fyrlykta førre laurdag.

– Det var veldig trist. Eg hadde ikkje trudd eg skulle få ein så sterk reaksjon, seier ho.

Den vesle fyrlykta har stått på familien Vågsholm sin eigedom i fire generasjonar.

– Familien min har hatt oppsyn med ho, i tillegg til lykta på Grønholmen, frå 1885 til 1994. Hadde farfar, Per  Bjarne Vågsholm, levd i dag, hadde han ikkje takla dette godt. Fyrlykta var utruleg viktig for han, seier Rebecca.

Ho og resten av familien på Vågsholmen har gjort alt i si makt for å få Kystverket «på betre tankar».

– Vi fekk vite at dei ønskte å fjerne lykta tidlegare i år. Då starta vi prosessen med å snakke med dei øvste sjefane i Kystverket og foreslo at vi kunne ta over vedlikehaldet av lykta. Vi spurde også om vi kunne få kjøpe ho og måle taket kvitt, for det har vi sett at er blitt gjort med inaktive fyrlykter andre plassar. Vi forklarte historia til familien og kvifor lykta er så viktig for oss, ja for heile Fosnavåg, seier Rebecca.

Det hjelpte ikkje det spor.

– Vi fekk svar om at saka skulle bli teke opp på eit møte. Seinare kom meldinga at fyrlykter som ikkje er i bruk skal bli fjerna, seier Rebecca.

Vart sløkt i fjor

Lykta på Vågsholmen vart sløkt i fjor, etter at luftstrekket til lykta vart fjerna. Regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket seier jobben vart gjort etter gjentekne førespurnadar frå Vågsholm utvikling. Utbyggarane syntest luftstrekket var til irritasjon. Kystverket vurderte då ulike alternativ for å forsyne fyrlykta med straum, mellom anna å legge kabel i bakken, noko grunneigarane gav frå seg grunn til.

– Men ettersom det berre var berg i det aktuelle området, var einaste alternativ å leggje kabelen i eit spesielt beskyttelsesrøyr, seier Tronstad.

Kystverket landa då på solcellepanel som det beste alternativet.

– I samband med vurdering om solcelledrift, har våre nautikarar samtidig gjennomført ei nautisk vurdering og konkludert med at fyrlykta ikkje lenger hadde nokon nautisk funksjon. Lykta er dekt opp av andre navigasjonsinnrettingar i området. Difor vart det bestemt at ho kunne bli fjerna, seier Tronstad.

Som sagt så gjort

Nokre månadar etter at avgjersla vart teken, dukka Kystverket opp ved fjøra utanfor familiebustaden ytst på Vågsholmen.

– Vi spurde om dei i det minste kunne bevare gjerdet som stod rundt fyrlykta, for no er det stupbratt ned for ungane våre. Men vi fekk kontant nei, seier Rebecca.

Urovekkande syn

Snart to månadar har gått sidan Rebecca, ektemannen og dei to barna deira flytta inn i det nye huset sitt på familieeigedomen på Vågsholmen.

– I løpet av den tida har eg sett to båtar kome faretrugande nær fjøresteinane. Eg veit ikkje kva som er grunnen, men det kan no vere at dei ikkje ser. Innseglinga til Fosnavåg hamn kan vere vanskeleg i mørket for dei som ikkje er kjende her, seier Rebecca.

– Merkeleg

I Fosnavåg har Vågsholm-familien fått støtte i sitt syn på eit «firkanta» regelverk.

– Naboane her støttar med og seier det er rart å fjerne fyret når det strengt tatt ikkje er nødvendig. Det er mykje som er verneverdig, og då synest eg det er merkeleg at denne fyrlykta, som har vore så viktig for Fosnavåg, ikkje er det, avsluttar Rebecca Vågsholm Myklebusthaug.

– Vi gir aldri bort fyrlykter og vi sel dei heller aldri

Dette er ein hovudregel i Kystverket si handtering av inaktive fyrlykter, opplyser regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket.

Då Vestlandsnytt kontakta han om fjerninga av Fosnavåg fyrlykt, fekk vi følgjande svar:

– I november 2017 vart det sendt ut ei melding til sjøfarande, via Kartverket EFS (Etterretning for sjøfarende), om at lykta skulle bli sløkt, men at ho framleis var aktiv. Kystverket har ikkje fått melding om at lykta er sakna. Kystverket har også vore i kontakt med det lokale fiskarlaget, og heller ikkje dei har kome med noka tilbakemelding om at der er behov for fyrlykta, skriv Tronstad.

Framleis lanterner

Regiondirektøren skriv at innløpet til Fosnavåg er dekt opp med to lanterner-

– Så lykta har ikkje hatt direkte virkeområde på denne innseglinga.

– Inaktive fyrlykter får sjeldan stå

Kystverket har i opna for etterbruk av fyrlykter i enkelte tilfelle, men dei har nokre strenge kriterium.

– Vi gir aldri bort fyrlykter, og vi sel dei heller aldri. Dei som etter søknad vert «tildelt» ei fyrlykt, får låne denne av Kystverket. Det vert underteikna ein avtale for kvart enkelt tilfelle. Dette gjer vi fordi vi ikkje ønskjer at fyrlyktene skal bli salsobjekt, med fare for at dei vert plasserte i hagar, hyttetomter o.l. ved sjøen utanfor vår kontroll. Slike plasseringar kan medføre uønskte situasjonar. Å la fyrlykta bli ståande på sin gamle plass er normalt eit dårleg alternativ, sjølv om ein endrar fargane.

Dei som vert tildelt ei fyrlykt må også ha vår godkjenning av framtidig plassering.

I vårt nærområdet har til dømes Sunnmøre museum, Atlanterhavsparken og Redningsselskapet dei siste åra inngått avtale om etterbruk av fyrlykt.

Fjernar alt

Det var ikkje aktuelt å la gjerdet stå igjen, ifølgje Tronstad.

– Det er vanlig praksis at vi fjernar alt som høyrer til installasjonen, og på den måten ryddar opp etter oss. Slik vi ser det, er det ikkje eit alternativ å la delar stå igjen etter riving, Skriv Tronstad.