– Ja, namnet er naturlegvis Signal også for denne båten.

Det seier Geir Nerland i det han ynskjer oss velkommen om bord i sin splitter nye sjark, som no blir den femte båten med same namn i Nerland-familien si historie.

Den førre med same namnet vart i sommar selt med kvote for det Nerland sjølv omtalar som «ein nauta god pris», utan at han vil gå nærare i detalj rundt akkurat dette. No ligg den gamle båten i hamn i Hardbakken i Sula. Men det gjekk ikkje lange tida før Geir fekk kjøpt ein ny båt med maksimalkvote.

– Eg måtte ha meg ein ny, og då blei det eit plastbeger, smiler Nerland, som også har starta eit enkeltmannsføretak.

Det var måndag denne veka båten fyrst kom ti Herøy og vi får inspisere den 35 fot lange og splitter nye sjarken medan den ligg til kai ved Smådal Mekaniske.

Frå Lindesnes

Har du fått den på ein skikkeleg prøvetur? spør vi Nerland.

– Det skal eg skrive under på. Eg henta båten på Lindesnes førre fredag. Eg fekk verkeleg sett kva han var god for då det var eit fole styggevêr på veg oppover kysten, seier Nerland.

Konklusjonen hans er at båten går godt med si maksimalfart på 17–18 knop. Jomfru fisketuren står framleis att, men Nerland er klar so snart alt er på plass om bord av nødvendig utstyr. Fyrst står linefiske for tur.

– På tide å trappe ned

Geir grunnar valet om å sele Signal med at han ynskjer litt lettare arbeid i ein mindre båt. For jo større båt, dess tyngre blir arbeidet, forklarar han.

– I ein alder av 58, kjenner eg det er på tide å trappe ned og drive litt for meg sjølv.

Likevel er han sikker på at han kjem til å sakne dei andre to i mannskapet han har fiska med i mange år, Odd Arne Mikkelsen og Anders Sævik Monsen (på bildet).

– Driftsdagane om bord i den førre båten var gode. Vi var ein samansveisa gjeng som gjekk på autopilot. Eg kjem nok til å banne litt til dei, sjølv når eg er åleine på havet, smiler Nerland og legg til:

– Men eg reknar med dei vil bli med meg på ein tur i blant.

Han kikar bekreftande på Monsen som også er i båten. Han nikkar og seier at han sjølvsagt blir med på turar i det nye «plastbegeret».

Signal: Her er den nye «Signal». Dette blir etter våre opplysingar den femte båten i Nerland-familien med same namn. Geir Nerland kan ikkje sjå bort frå at det har vore endå fleire båtar med same namn tidlegare. Denne kjem frå Lindesnes og er produsert med typenemninga Nor-Dan 35. Men no skal nyesjarken altså fiske i desse traktene, og bak roret sit Geir Nerland. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Geir Nerland og Anders Sævik Monsen: Nerland og Monsen har jobba saman lenge og Nerland håpar Monsen blir med på ein og annan fisketur sjølv om han primært no skal drive for seg sjølv i nyoppretta enkeltmannsføretak. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik