Oppkjøpet går fram i ei pressemelding frå Kragset Eigedomsmekling. Avtalen blei klar i haust og trer i kraft frå 1. januar 2019. Frå nyttår endrar Kragset Eigedomsmekling namn til Eiendomsmegler Vest. Dei vil framleis halde til i “Gamlebanken” i Volda, men utvidar også sørover.

- Ved å bli ein del av Eiendomsmegler Vest jobbar vi i eit føretak som tenker på heile Vestlandet og som gjev oss den nødvendige tyngda til å utvide, seier dagleg leiar Anita Arnesen Kragset i Kragset Eigedomsmekling, som nyleg feira ti års drift.

I dag har dei i alt seks tilsette. Dei har ein marknadsandel i Volda på 70 prosent og 40 prosent i Ørsta. I 2017 omsette bedrifta for 10 millionar kroner.

- E39 Kvivsvegen har gitt oss nye moglegheiter. Vi har lenge sett på ei anledning til å gjere meir i Nordfjord, seier eigedomsmeklar Johnny Kragset, i pressemeldinga.

Eiendomsmegler Vest er eigd av Sparebanken Vest og har 22 salskontor i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

- Vi er stolte over å få dei dyktige medarbeidarane i Kragset Eigedomsmekling med på laget, seier regionleiar Magne Storheim i Eiendomsmegler Vest.