Vanylven kommune har bede om ei breiare konsekvensanalyse før det blir gjort vedtak om nedlegging av det vidaregåande skuletilbodet i kommunen, og får støtte frå Herøy og Ulstein. Kommunen meiner dei distriktspolitiske konsekvensane går langt ut over skuletilbodet.

Fylkesutdanningssjefen meiner derimot at saka er utgreidd på ein tilfredsstillande måte, og viser til at både regionråda og elevpanelet har fått uttale seg i samband med høyringa.

Inntakssamarbeid

Det er òg sett i gang ein prosess med å lage ein samarbeidsavtale med Sogn og Fjordane om eit inntakssamarbeid mellom Hornindal og Vanylven. Ferdigstillinga av avtalen er utsett i påvente av eit endeleg vedtak om Syvde-skulen sin lagnad.

Utfordrande

I tilrådinga om nedlegging legg fylkesutdanningssjefen vekt på den utfordrande personalsituasjonen som Herøy vg. skule skisserer i sin uttale til saka. Det låge elevtalet gjer at mange av dei tilsette berre kan få tilbod om deltidsstillingar.

Fleire på hybel

Vanylven kommune er uroa over at fleire elevar må flytte på hybel. Svaret på dette er å auke kapasiteten ved skulen i Fosnavåg.

Eit inntakssamarbeid med Sogn og Fjordane kan òg hjelpe på reisevegen til elevane frå Vanylven kommune, og dei kan søkje seg til skulane i Ørsta/Volda.

Ikkje forsvarleg

Tilbodet i Vanylven vil mest truleg bli avgrensa til Vg1 ved ei vidareføring. Det meiner fylkesutdanningssjefen ikkje vil vere forsvarleg.