– Vår tilråding til samferdselsutvalet er at vi sender det nye regulativet ut på høyring. I praksis vil det innebere at det ikkje vert innført betaling med Autopass-brikke på Hareid – Sulesund frå komande årsskifte, men i staden frå 1. januar 2020.

Det seier seksjonsleiar Hilde Johanne Svendsen i samferselsavdelinga til Vestlandsnytt.

Store konsekvensar for enkelte

Ho opplyser at høyringa er tilrådd på bakgrunn av konsekvensane og utslaga dette gir i betaling, med rundt 30 prosent prisauke for dei som køyrer ein bil, utan passasjerar. Men også for næringstrafikken vil overgangen frå dagens system til eit nytt Autopass-regulativ ha store økonomiske konsekvensar.

– Kommunane og aktørar som Lastebileigarforbundet er mellom dei som er naturlege å høyre i ei slik sak, opplyser Svendsen.

I Nasjonal Transportplan heiter det mellom anna:

«Innføring av Autopass som betalingssystem riksvegferjedrifta vil lette trafikkavviklinga på ferjesambanda og gjere betalinga enklare både for ferjemannskap og passasjerar.»

Planen var at innføring av betaling med Autopass-brikke skulle skje samstundes med at Fjord1 med sine nye batteriferjer skal ta over drifta av Hareid-Sulesund frå 1. januar 2019.

Dag Hole i Statens Vegvesen er leiar for det nasjonale prosjektet med innføring og samordning av Autopass-betaling på ferjene.

– Planen på Hareid-Sulesund er innføring av Autopass-brikke for betaling, slik det er på ei rekkje samband opp og ned langs kysten. I praksis inneber det at bilane vert utstyrte med ein brikke som kan nyttast alle stadar der Autopass vert nytta, også på bomstasjonar, seier Hole til Vestlandsnytt.

Den dagen Autopass-brikke vert den nye betalinga på ferjene, påpeikar også Hole ein openberr sideeffekt:

– Det gjer at dei reisande betalar berre for bilen. Der betaing føregår med brikke, vil passasjerar utan bil reise gratis. Det fører i neste omgang til at det vert dyrare å reise åleine med ein bil, men det vil samstundes løne seg å reise fleire i same bil.

Verdikorta skal erstattast av Autopass-kort

– Vi høyrer at dei snakkar om innføring av Autopass også på Årvik-Koparnes og Larsnes-sambandet?

– Det stemmer nok. Men før nye anbod vert gjort gjeldande, blir det ikkje nytta Autopass-brikke her. Det blir i staden ein overgang til Autopass-kort, seier Hole.

Han seier betaling med Autopass-kort vil føregå etter noverande prisregulativ, både for bilar og passasjerar.

– Kva med dei som har verdikort, til dømes i Norled?

– Desse vil bli fasa ut og erstatta med Autopass-kort. Men dei reisande vil få ein periode på seks månader til å bruke opp gjenståande saldo på verdikorta, seier Dag Hole.

Alle nasjonale verdikort vil bli fasa ut, uavhengig om desse kjem frå Norled, Fjord1 eller andre ferjeselskap. Overgangsordninga vil også gjelde alle verdikort.

Dag Hole seier at det også vil bli informert om denne omlegginga om bord i ferjene.