Det viser Ytre Herøy hjortevald si oversikt over resultatet av dei to fyrste månadene med hjortejakt i 2018. Ytre Herøy hjortevald fekk tildelt til saman 36 dyr under årets jakt, noko som gir ein fellingsprosent på knapt 53 prosent pr. 28. oktober.

Dei felte dyra fordeler seg på tre kalvar, fem koller og 11 bukkar.

Største dyret så langt er ein bukk på 112 kilo som blei felt på Bø, av Alexander Furø, heilt i starten på jakta. Slik er fellingstala for dei ulike valda:

Bø 2, Torvik og Nærø 2, Frøystad/Røyra 2, Leine 1, Voldsund/Ytre Leine 1, Remøy 0, Runde 2, Straumane 2, Myklebust 0, Igesund og Vike 0, Kvalsund/Teige 2, Kopperstad 2, Kvalsvik/Nerland 2, Sande 1.