Runde Vassverk fyller 50 år i år (2018). Det burde ha vore meir. For det har seg slik at då hamna på Runde vart bygt (ferdig 1910), mangla hamna vatn. Eit stort minus for ei fiskerihamn. I anleggstida henta dei vatn frå ein bekk, eller elv som det heiter her ute, som rann ut i fjøresteinane nedanfor bnr 6. Så langt kjem ikkje elva i dag. Rett nok ikkje lagt i røyr, men leia inn i eit støypt basseng på knapt 60 m3, synleg frå fylkesvegen med eit raudt, lite hus framfor.

Privat initiativ

Hamna vart bygt «nord i Nesa», som denne utstikkande pynten av Runde heiter. Neset var utmark med mykje stein og lite vatn. Likevel vart det reine byggje-boomen her etter krigen, i 1950-åra. Og folk trong sikkert og godt vatn. Kvar kunne det kome ifrå?

Jau, frå same elva som hamnearbeidarane henta seg vatn frå 50 år før. Elva kom opp i ei ur som ei oppkome og rann vidare ned til sjøen. Dette var ei vasskjelde folk kjende godt til og alltid hadde brukt. Beste vatnet på Runde, vart det sagt. Men det var lang veg frå elv og vatn til folk. Ei vassleidning kosta pengar. Det var heller ikkje noko nytt.

Difor tenkte folk at dei som bygde hamn også måtte skaffe vatn, altså Statens Hamnevesen. Så enkelt vart det nok ikkje. Nesfolket måtte sjølve syte for vatn der vatn var å finne, anten det kom ovanfrå eller nedanfrå. Så enda det slik som så ofte på Sunnmøre, nemleg med privat initiativ. Gründerar vert dei gjerne kalla og kjem i avisa.

Dei som grunnla Runde Vassverk A/L var desse åtte: Sigurd Runde, Inga Ervik, Johan H. Runde, Hans Gundersen, Alfred Kalland, Ingvald Rundø, Magne Kleppe, Andreas Goksøyr. Dei møttest til skipingsmøte i september 1967 og talde då ni, ettersom to av gründerane gjekk ut og tre nye kom til. Dei valde styre for vassverket og vedtok lover for drifta. No kom det fart i arbeidet, i fyrste omgang med å skaffe pengar, eit mødesamt arbeid då som no.

Men dei fekk god hjelp av kommuneingeniøren, Anton Goksøyr, som teikna vassbassenget og berekna utgiftene. Då alt var ferdig, viste rekneskapen vel 62.000 kroner. Runde Vassverk vart bygt med støtte frå mange kantar, ikkje minst statleg løyving på kr 30.000 via Statens Hamnevesen. Og elles frå bank og kommune. Medlemene sjølve måtte betale ei tilknytingsavgift pluss ei årleg avgift. Ho var på 200 kroner fram til 1995.

Lite trykk og små utgifter

Då alt av anleggsarbeid var ferdig, stod det viktigaste att - setje på vatnet. Så vart gjort 7. desember 1968. Ein historisk dag for nesfolket og litt av ei julegåve. Sidan sirla og rann det vatn gjennom hovudleidninga og ut til abonnentane. Trykket var lite, utgiftene små. Men etter kvart blanda storsamfunnet seg inn i vassforsyninga.

Staten stilte krav om reint og godt vatn utan bakteriar. Det siste tok ikkje måsen særleg omsyn til. Han var ei sann plage sommars tid då han etablerte matfat på bassengtaket. Men langt mindre tok staten omsyn til fugl og ureining. Vatnet skulle kontrollerast grundig med regelmessige vassprøver. Kontroll var viktig, men ikkje nok.

Vassverket vart tilrådd å byggje eit desinfeksjonsanlegg (UV-anlegg). Det var nytida som melde seg med tyngde. Styret vedtok då å satse på eit reinseanlegg med trykktank. På nytt måtte det skaffast pengar, mykje meir enn i pionertida. Og pengane skulle gå til Unik Filtersysten AS frå Os ved Bergen. Dei leverte komplett anlegg i eit lite hus som skulle køyrast på plass der siste biten var frå fylkesvegen og på gardsveg opp til dugnadsstøypt fundament.

Dette var i oktober 2001, ein haust med mykje regn. Vegen var smal, jorda blaut, løftekrana tung. Men med kløkt og gravemaskin kom alt på plass. Runde Vassverk leverte frå no av reint og godt vatn og med godt trykk. I dag med 36 abonnentar frå gravstaden i sør til Runde Miljøsenter inord.

PS. Ei meir omfatande framstilling av Runde Vassverk finn du i Folk og Fortid 2014.