Konkursbehandlinga i Søre Sunnmøre tingrett fann nyleg stad etter krav frå Skatt Midt-Norge og skatteoppkrevjaren i Herøy kommune. I fylgje rettsboka skuldar Krystallrent As, som har forretningsadresse Nerlandsøy, til saman 257.829 kroner i meirverdiavgift og arbeidsgivaravgift.

Skuldnaren møtte ikkje opp, og hadde heller opplyst nokon gyldig fråværsgrunn, då saka kom opp for tingretten i Volda.

Tingretten meiner det ikkje er grunn til å tru at skuldnaren kan gjere opp gjelda med eigne inntekter eller eignelutar, eller at betalingsproblema er mellombels. Dermed kom retten til at vilkåra for å ta konkurskravet til fylgje var til stades.

Advokat Roberto Bjøringsøy blei oppnemd som bustyrar, og fyrste skiftesamling blei halde i lokala til Søre Sunnmøre tingrett 22. oktober.