– Det er litt trist å seie det, men eg har inntrykk av at mange ikkje bryr seg om forsamlingshusa før det fyrst angår dei. Om alle forventa å gå til dekka bord, kven skal då lage maten?

To damer sit og drikk kaffi ved eit bord. Den eine, Wenche Årdal, er styreleiar for forsamlingshuset vi sit i, og den andre, Evelyn Kleppe, er kasserar. Dei har invitert lokalavisa på besøk til Jøsok og Kleppe forsamlingshus for å ta opp det dei ser som ei bekymrande utvikling i lokalsamfunna.

– Ikkje lett

– Nei, det er ikkje lett å skulle halde ved like og drifte slike gamle forsamlingshus. Det fell mykje ansvar på kvart enkelt styre, konstaterer Kleppe, og legg til:

– Og når husa er gamle og ikkje isolerte, blir det heile berre endå vanskelegare.

Slik sett er akkurat dette eit kroneksempel på eit bygg som kan vere utfordrande. I år er det 105 år sidan huset kom til bygda som eit gamalt skulebygg frå Tresfjord. Sidan då har det vorte bygd på og utbetra. Styret har dei siste åra mellom anna jobba hardt for å oppgradere huset, med drenering, måling og det største av alt – eit flunkande nytt kjøkken.

– For å få til dette, har det blitt lagt ned massevis av dugnadstimar og innsats frå eit avgrensa tal personar, noko fleire sikkert kjenner att i andre grender. For vi må vel bite i det sure eple og innrømme at dugnadsinnsatsen som oftast har vore ganske laber, slår dei to damene fast.

Utgifter

Å gjere det på nokon anna måte, som ved å til dømes leige inn hjelp til å gjere utbetringar, er heller ikkje eit godt alternativ.

– For her er ikkje mykje å ta av. Når husa ikkje er isolerte ein gong, går store delar av budsjettet berre til å halde huset varmt nok til å kunne bruke det. Det seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å få hjula til å gå rundt når alle inntektene til huset forsvinn ut igjen berre i grunnleggande drift, seier Kleppe.

Alle vil ha husa

For i det heile å kunne halde husa ved like, er det derfor fatalt at ein får bruke dei og leige dei ut. Og her kjem det som kanskje er litt paradoksalt med det heile:

– Dei fleste vil ha husa og har stor interesse for husa når det til dømes er tid for konfirmasjon eller større feiringar. Det er kjempeflott, men det hjelper ikkje huset nok at ein engasjerer seg berre når ein treng det sjølv, seier Årdal.

Forstår problemet

Begge damene har ingen problem med å sjå kvifor dette i det heile har blir eit tilfelle.

– Eg skjønar mange veldig godt. Det blir berre vanskelegare og vanskelegare å strekke til som småbarnsforeldre. Vi lever i eit ofseleg jag, og det er heile tida ein kamp om merksemd. Samtidig er her eit flust av aktivitetar ein skal delta på dag ut og dag inn, seier Kleppe.

Skal ikkje so mykje til

Men det skal ikkje so mykje til for å redde forsamlingshusa, ifylgje dei to.

– Det handlar om at alle gjer litt. For kvar ein minste ting hjelper, uansett om det er ein gevinst til ein basar, ein inngangsbillett, ein dugnadstime her og ein dugnadstime der. Om alle berre gir litt av seg sjølv og tida si, trur vi at vi kan vere på god veg, smiler dei to.

For so lenge der er folk som brukar husa og viser interesse for dei, vil dei forhåpentlegvis bestå. Men forsamlingshusa held seg ikkje ved like sjølve, og det er grunn til at folk reflekterer litt rundt det, avsluttar damene.

Fått til mykje

Trass i at det har vore vanskeleg til å få økonomien til å gå opp, har styret i Jøsok og Kleppe forsamlingshus klart å mobilisert for huset dei elskar.

Styret har dei siste åra gjort sitt for å utbetre huset, med blant anna drenering og måling. I oktober i fjor stod også det nye kjøkkenet ferdig.

– Vi har mange planar, men som med andre slike gamle bygg, er det økonomien som bestemmer farten i dette, seier Kleppe og Årdal.

Ein av planane som no står på agendaen er å få på plass nye toalettfasilitetar i huset. Slik det er i dag, er tilkomsten problematisk, spesielt om ein har bevegelseshemming.

Fleire tiltak

Det har med tida kome til fleire tiltak for å skaffe inntekter. Huset er no i bruk mellom tre og fire dagar i veka, i tillegg til utleige. Måndagar er der hobbykveldar, eit ope arrangement for alle som vil. Annakvar tysdag er der barneforeining. Onsdagar er huset leigd ut til ein privat klubb. Torsdagar vert der arrangert bingo.

Jubileumsfeiring

Styret for Jøsok og Kleppe forsamlingshus ser fram til å kunne invitere til ein storstilt basar og tombola-fest i høve 105-årsjubileet til huset.

Jubileet blir feira på farsdagen den 11. november. Då vert det sal av kvalkjøt og brennsnut. I tillegg vert det gratis kaffi, saft og kaker, samt tombola med mange gevinstar, der ein del av dei er laga av bygdefolket og gitt til forsamlingshuset i gåve.

– Vi håpar så mange som mogleg har lyst til å kome og støtte oss under denne basaren. Basarar som denne har blitt arrangert i huset heilt sidan det kom til bygda i november 1913, seier leiaren for styret til forsamlingshuset, Wenche Årdal