Veteran-NM er ei årleg turnering for avdanka handballspelarar, som i år blei spela i Stavanger. Frå Herøy reiste eit «topptrena» Bergsøy-lag etter å ha gjennomført so mykje som ei fellestrening i forkant av turneringa.

– Vi tapte alle kampane, men hadde det kjempe kjekt, seier Anniken Rønnestad, utnemnt til lagleiar av dei andre spelarane.

For Veteran-NM handlar like mykje om det sosiale som det sportslege.

– Vi var med for femte gong i år, og det er noko vi reiser på fordi vi synast det er sosialt og kjekt, og so har vi hevda oss betre før, ler Rønnestad.

Møtte gamle stjerner

På dei andre laga var det fleire spelarar som har spela på høgt nivå.

– Det var fleire tidlegare landslagsspelarar med på turneringa, blant anna Monica Sandve og Hege Kristin Kvitsand, som er rutinerte handballspelarar, seier Rønnestad.

Bergsøy spela i 40-årsklassa, der det var 34 lag påmeldt.

– Vi er sjølve ei på 41, og resten 44+, so det er klart at det var tøft å møte yngre damer. Men vi kom oss utover kampane, sjølv om dei enda med tap. Vi blei kanskje tatt litt på senga i starten, men andre omgang enda uavgjort i to av kampane, so det er vi godt nøgde med, summerer Rønnestad opp.

Gruppa som Bergsøy var plassert i var også å rekne som ei tøff pulje, og dei andre laga gjorde det godt i turneringa.

Panta flasker for å finansiere

Å reise heilt til Stavanger for å spele handball er inga billeg oppleving, og damene på laget takkar dei som gjorde deltakinga mogleg.

– Vi må få rette ei stor takk til Solstad og Sparebank 1 Søre Sunnmøre som sponsa oss, og ikkje minst Thon Hotell Fosnavåg som gav oss tomflasker som vi kunne pante for dei, noko som samtidig sikra deltakinga vår.