– Vi inviterer Sande med i alle samanhengar, men interessa har ikkje vore den heilt store til denne tid i alle fall. Vi håper og trur dei vil kome meir med etter kvart.

Det seier Herøy-rådmann Olaus-Jon Kopperstad i ein kommentar til siste møtet i styringsgruppa for tenestesamarbeid mellom Herøy, Vanylven og Sande. Her glimra Sande igjen med sitt fråvær, medan Ulstein stilte med rådmann Einar Vik Arset som gjest.

Utvidar med Ulstein

På dette møtet i styringsgruppa blei det vedteke å ta Ulstein inn i gruppa med rådmann og ein representant for dei tilsette. Ulstein får representant med i alle aktuelle faggrupper som barnevern, brannvern, NAV, økonomi og dei andre aktuelle områda der samarbeid blir drøfta.

Sande vert framleis invitert til å ta del i styringsgruppa, der fylkesmannen er interessert i ei rolle som observatør.

Styringsgruppa vil no prøve å lande dei tenestesamarbeida som no er under opprulling før det blir teke initiativ til andre samarbeid.

Felles skatteoppkrevjar

Samarbeid om skatteoppkrevjing er av dei prosjekta som er komne lengst. I dag har kvar kommune sin skatteoppkrevjar som sit åleine, men frå årsskiftet skal kontoret i Herøy styrkast med ei stilling nummer to for også å dekkje Vanylven og Ulstein.

Det blir no viktig å invitere Sande og Hareid for mogleg utviding av tenesta, heiter det i Ulstein-rådmannen sitt referat frå møtet i styringsgruppa som vart halde på Ulstein rådhus for om lag ei veke sidan.

Felles brannsjef

Rådmennene i Vanylven og Herøy tilrår overfor sine respektive kommunestyre å gå for felles brannsjef frå 1. januar 2019. Saka skal opp i desembermøtet til dei to kommunestyra. Ulstein skal etter opplegget slutte seg til frå og med 2020.

I og med at Ulstein og Hareid har felles brannven allereie i dag, vil Sande vere åleine som står utanfor frå 1. januar 2020, slik det no ser ut.

Barnevern

På barnevern står Vanylven og Herøy førebels åleine og har utarbeidd ein vertskommuneavtale som skal få si politiske behandling før jul. Her har Sande starta samtalar med Volda om deltaking i det eksisterande samarbeidet mellom Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta og Hornindal.

Vanylven og Herøy håper framleis at Sande i staden vil satse på dei når det gjeld barnevernsamarbeid. «Stafettpinnen ligg hos Sande og vi avventar oppfølging derifrå», heiter det i referatet.

NAV-grunnlag før nyttår

Når det gjeld samarbeid om NAV, satsar Vanylven og Herøy på å gå i samtalar med Hareid som vertskommune for alle fem kommunane. Ifylgje rådmann Kopperstad har NAV Møre og Romsdal tilbode fem ekstra stillingar til eit slikt samarbeid, men frå Herøy er det sett som vilkår at NAV-kontoret i Fosnavåg blir oppretthalde som eit fullverdig kontor.

Neste veke skal kommunane ha drøftingar med NAV-direktøren med sikte på at eit grunnlag for NAV 5K skal vere på plass før nyttår.

Andre samarbeid

Samarbeidet mellom Herøy, Vanylven og Ulstein går vidare ut på felles rekneskapskontor og kontor for samfunnsplanlegging. Hareid og Sande blir inviterte med. Vidare blir det drøfta samarbeid om kommunepsykolog, og Sande og Vanylven vil bli inviterte med i landbrukskontoret som Herøy, Ulstein og Hareid allereie samarbeider om.

– Vi jobbar litt mot legevakt også, men her set vel geografien grenser for kva det kan vere interessant for Vanylven å vere med på, seier Kopperstad.

Neste møte i styringsgruppa vil bli halde på Herøy rådhus 17. januar.