Siri-Lill Moldskred Hasund (13) hugsar framleis detaljane frå den skjebnesvangre dagen, den 26. oktober 2016. Det var onsdag. Dei hadde site i Volda og venta på at neste lege skulle kome på skift – ein om forstod blodprøvene betre. Då han kom gjekk alt veldig fort. Siri-Lill fekk påvist Akutt Lymfatisk Leukemi (ALL).

– Vi måtte til Trondheim. Først reagerte eg veldig rart; for eg elskar å fly, så då eg fekk vite at vi skulle det, vart eg ganske glad. Men då vi sat på bussen frå flyplassen til sjukehuset, tenkte eg litt meir. Eg tenkte at det berre var gamle folk som fekk kreft, og då vart eg litt redd.

Siri-Lill har kome til Fosnavåg direkte frå Ulstein ungdomsskule, der ho er elev. Besta (Grethe-Karin Moldskred) har henta henne og teke henne med til Vestlandsnytt-redaksjonen for å snakke om eit viktig tema og ei sak dei kjempar for: Barnekreftforeningen Møre og Romsdal.

- Før kjeda eg meg mykje

I dag går det betre med Siri-Lill. Hua har vore av sidan januar, då håret var kome skikkeleg tilbake, og ho har teke opp igjen hobbyen med drill i korpset.

Men det er ikkje mange månadane sidan ho brukte å vere inn og ut av sjukehus, både i Ålesund og i Trondheim. Kvar fjerde veke gjekk turen til St. Olavs Hospital, der ho fekk sterk behandling med cellegift.

– Ein gong skulle eg eigentleg få kome heim, men så hadde eg for dårleg immunforsvar. Då bestilte barnekreftforeiningane (i M&R og Trøndelag, red. anm.) kino til oss. Vi fekk ein heil sal for oss sjølve, slik at vi ikkje hadde folk rundt som kunne smitte oss med til dømes forkjøling eller spysjuke. Spysjuke og vasskoppar er det farlegaste vi kan få, informerer Siri-Lill.

Ho fortel også om pizzakveldar og ein eigen trivselsjukepleiar som passar på om kveldane og leikar med barna.

I fjor avslutta dessutan den lokale barneforeininga eit stort prosjekt ved barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus.

– Vi fekk smart-TV på alle romma. Det var kjekt, for før kjeda eg meg veldig mykje, seier Siri-Lill.

TV-ane, som kosta totalt 300.000 kroner, er til glede for alle barna – ikkje berre dei kreftsjuke – på sengepostane i Ålesund.

– Og så arrangerer dei turar for oss. I fjor drog vi til Stranda. Dei vaska ned bassenget på hotellet, og stengde det for andre, slik at vi kunne bade. For vi får vanlegvis ikkje bade medan vi er under behandling. Og så fekk vi vere med på rafting-båt, vi besøkte nokre dyr, og vi tok skiheisen opp til toppen og åt lunsj, seier Siri-Lill, og smiler av minnet.

– I morgon (fredag, red. mrk.) skal vi på ny tur til Stranda.

Deler utgiftene

Desse aktivitetane hadde ikkje vore mogleg om det ikkje var for den lokale barnekreftforeininga (I Trondheim deler dei utgiftene med Barnekreftforeningen i Trøndelag).

Besta Grethe-Karin har sett resulatet - livsgleda - på nært hald. Det er difor ho valde å engasjere seg for Barnekreftforeningen.

– I desember arrangerer dei ein julelunsj for dei kreftsjuke barna og deira foreldre, søsken og besteforeldre. Då har eg lyst til å overrekke ei julegåve til dei, seier ho.

Besta gjorde det same i fjor.

– Eg gjekk rundt til bedrifter i Ulsteinvik, Hareid og Hjørungavåg før jul og bad om bidrag. Eg fekk inn totalt 138.000 kroner, seier ho.

I år satsar Grethe-Karin på reprise. For eit par veker sidan var ho personleg innom 26 bedrifter i Herøy og leverte handskrivne brev, der ho bad om bidrag til Barnekreftforeningen.

– Alle tok godt imot meg, seier ho.

Så langt har innsatsen ført til eitt bidrag.

– Bedrifta gav 5000 kroner, seier den takksame bestemora.

Dessutan stiller barnebarna opp med loddsal, og Siri-Lill er sjølv med og går med loddbøker.

– Så langt har vi fått inn 80.000 kroner, seier Grethe-Karin.

Akutt Lymfatisk Leukemi (ALL) er den vanlegaste krefttypen hos barn. Det er også ein av dei farlegaste, og statistikken viser at eitt av fem barn som får kreft ikkje overlever. Men det er lettare å kurere barn enn vaksne.

– Medisinen barna får er mykje kraftigare enn den som vert gitt til vaksne. Det er fordi dei toler meir. Hadde vaksne fått den same behandlinga, hadde dei ikkje overlevd, seier fungerande styreleiar i Barnekreftforeningen Møre og Romsdal, Frode Tilseth.

Vi treff han på ei telefonlinje frå Stranda hotell dagen etter Siri-Lill og Grethe-Karin sitt besøk. Tilseth er på hotellet saman med om lag 64 personar som deltek på foreiningas årlege hausttur. Siri-Lill er ei av dei.

På programmet står mellom anna bading i «bakteriefritt» basseng, målekurs, barnedisco og tur til Geiranger. Turen kostar om lag 150.000 kroner.

Gjestane er kreftsjuke barn og deira familiar – og familiar som har mista barn til kreft.

– Vi hadde ikkje kunne gjere dette om det ikkje var for alle bidraga vi får inn frå støttebedrifter, Grasrotandelen og private innsamlingsaksjonar. Vi er veldig takksame for at det finnast slike menneske som Siri-Lill si bestemor, som viser varme og omtanke for andre, og tek seg tid til å gjere noko slikt, seier Tilseth, og siktar til den private innsamlingsaksjonen Grethe-Karin har sett igang på Søre Sunnmøre.

Barnekreftforeningen Møre og Romsdal har i dag om lag 130 medlemsfamiliar. Mange av dei er frå Søre Sunnmøre, nokre frå Herøy og Sande.

I tillegg til å finansiere konkrete prosjekt, aktivitetar og støttetiltak for kreftsjuke barn, deira pårørande og familiar som har mista barn til kreft, gir foreininga ein god del pengar til forsking.

Fungerande styreleiar i Barnekreftforeningen Møre og Romsdal. Foto: Privat