Sjølv med 24 færre arbeidsledige i oktober toppar Hareid framleis arbeidsløysestatistikken i fylket. Her er 4,5 prosent registrerte som heilt arbeidsledige. Nærare bestemt 115 personar, likeleg fordelt mellom kvinner og menn.

Herøy, Sande og Ulstein hadde i oktober til felles at dei fekk minus éin i talet på arbeidsledige, sett i høve til månaden før. Vanylven hadde to færre utan arbeid. I Ørsta vart det i oktober 15 færre utan arbeid og i Volda 10 færre.

Arbeidsløysa i regionen ved inngangen til november er slik: Vanylven 1,1 prosent, Sande 3,1 prosent, Herøy 3,8 prosent, Ulstein 3,9 prosent, Hareid 4,5 prosent, Volda 1,9 prosent og Ørsta 2,0 prosent.

Siste året har berre Herøy (pluss 14) og Sande (pluss 4) hatt ein auke i arbeidsløysa mellom kommunane på Søre.

I oktober månad vart det 187 færre arbeidslause i Møre og Romsdal. Nedgangen i fylket siste året er på 470. Utviklinga er no betre enn i landet elles. Framleis har Søre Sunnmøre høgst arbeidsløyse i Møre og Romsdal,