Bergsøy var favorittar føre kampen mot Viking TIF 2 i Bergen søndag, og byrja også kampen bra i Haukelandshallen.

– Vi opna kampen greitt, og fekk oss etter kvart ei god leiing. Vi var vel oppe på 10–6 på eit tidspunkt, seier Bergsøy-trenar Thomas Buchardt på telefon frå Bergen.

Men mot slutten av omgangen slapp Bergsøy bergensarane inn i kampen.

– Mot slutten av omgangen dett vi i tempo, og Viking TIF 2 tek innpå. Når vi går til pause leier vi berre med eit mål, seier Buchardt.

Resultatet halvvegs var 14–15.

Dreg ifrå mot slutten

Byrjinga av andre omgangen var også jamn.

– Etter pause er det litt til og frå i starten, men etter kvar dreg vi ifrå dei, og so knekkjer vi dei skikkeleg på slutten, seier Buchardt nøgd.

Etter kampen skryt Bergsøy-trenaren av begge lag.

– Vi viser mot slutten at vi er eit betre fysisk lag, men samtidig viste Viking TIF 2 seg også som eit godt lag som gir oss ein god kamp.

God Gudmundsen Lund

Toppscorar for Bergsøy vart Evaldas Grieze med 13 mål. Også Jonas Gudmundsen Lund (9), Markus Buchardt (6) og Håkon Tømmerdal Forberg (5) markerte seg i målprotokollen.

– I dag var Jonas veldig god. Og Evaldas leverer sjølvsagt bra. Også Oddvar Johan står ein god kamp, skryt Buchardt.

Toppar tabellen

Med sigeren søndag har Bergsøy no plassert seg heilt på toppen av tabellen. Men talet på spelte kampar er særs variabelt, og det er slett ikkje sikkert herøyværingane går på bana som serieleiar når dei tek imot Bjørnar til sin neste kamp i Herøyhallen 24. november.

– Det er mange kampar att so det blir litt tidleg å snakke om tabellen. Spesielt med tanke på at fleire av laga har fleire kampar til gode på oss. Samtidig er det no slik at fleire av dei laga vi kjempar med i toppen ikkje kan rykke opp, so det ser bra ut for vår del, seier Buchardt.

Bergsøy-trenaren er elles klar på at han forventar to nye poeng om tre veker.

– Bjørnar har eit ungt lag, men er samtidig eit godt lag. So vi skal gjere jobben vår også der, men vi bør heilt klart ta to nye poeng, avsluttar Buchardt.